fbpx

Sommarferie i Stad og Nordfjord

Nordfjordeid ligg midt i smørauget ved Nordfjorden mellom havet i eine enden og breen i andre enden. Denne sjarmerande bygdebyen har alt du treng og er det perfekte utgangspunktet for opplevingar i regionen. Herifrå brukar du om lag ein time til Loen eller Oldedalen og halvannantime til Vestkapp.

Finn din stad i Stad

I kommuna vår, Stad, kan du oppleve fjordhestar, klatresenter, badepark, surfestrender og hjortegardar. I Stad kan du bade, padle, golfe, sykle eller finne over 150 turar til setrar eller toppar. Du kan fiske i lakseelv, fjellvatn, fjorden eller på havet. Få med deg historiske stadar som klosterruinane på Selja og gravhaugane frå vikingtid på Nordfjordeid. Opplev Vestkapp, landets vestlegaste punkt med fantastisk utsikt over klippene på Stadhalvøya.

Ridetur på fjordhest i Hjelmelandsdalen. Foto: Norsk Fjordhestsenter

I Stad kan du shoppe, ikkje minst i den pittoreske Eidsgata på Nordfjordeid, eller heime på garden til Sølvi i Toregarden. Lokale serveringsstadar tilbyr topp mat av lokale råvarer; stikkord er fisk, hjort, sau, frukt og bær. Du fin ein stad å sove heilt ute i havgapet langt utanfor allafarveg, eller i sentrum med alle fasiliteter innan gangavstand. Sjå kva Stad har å by på på einstadistad.no

Utflukter frå Stad

Passande dagsutflukter inkluderer jugendbyen Ålesund med mellom anna Atlanterhavsparken blant høgdepunkta. Verdsarvstaden Geiranger med eigen sjokoladefabrikk er berre eit par timar i bil og ei ferge unda. Landets trongaste dal Nordangsdalen med den klåraste innsjøen du har sett som er eit eldorado for dykking. Er du intressert i meir viking kan du ta turen til Viking Valley i Gudvangen eller Kvernsteinsparken i Hyllestad (Sogn).

Viking Valley i Gudvangen. Foto: Viking Valley

Nordfjord kan vi også anbefale å få med deg ein tur å sjå breen og dei vakre brevatna i Kjenndalen (Loen) eller Briksdalen (Olden), brevandring på Tystigbreen, Loen Skylift og Via Ferrata, stisykling med Nordfjord Aktiv på Sandane og flytande sauna i Kalvåg for å nemne noko. Sjå fleire aktivitetar, stadar og bu og ete på nordfjord.no.

Kok og bad er ein flytande Sauna på Knutholmen i Kalvåg. Foto: Knutholmen

Del: