Utstillinga

Eit gigantisk skip som har reist seg frå oska, og med seg har det ei fantastisk historie om mystiske ritual, store reiser og ein maktkamp mellom kongar. Opplev historia gjennom ei spennande utstilling med kino, VR og interaktive installasjonar.

Kunnskapssenteret inneheld forutan det 30 meter lange Myklebustskipet ei utstilling med 16 stasjonar og eige kinorom. Lær om liv og død i vikingtida og om den rike vikinghistoria vi har på Nordfjordeid.

Utstillinga
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen
Utstillinga
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Nokon av høgdepunkta

  • Gå om bord i Myklebustskipet
  • Sett på VR-brillene og utforsk korleis Nordfjordeid kan ha sett ut på vikingtida
  • Sjå «Det brente skipet» på 20 minutt i kinorommet
  • Test deg sjølv medan du lærer om vikingane sine reiser på den enorme interaktive quizskjermen vår
  • Lær Hnefatafl (Vikingsjakk), runer og fargelegg vikingornament i Vikingteltet
  • Høyr kva historikarar og arkeologar seier om funna på Nordfjordeid
  • Studer funn i 3D på touch skjermar
  • Sjå korleis Myklebustskipet vart til
  • Bli kjent med Kong Audbjørn av Fjordane
  • Lær om mystiske ritual og mytologi

Varierte formidlingstilbod gjev både sanselige, utfordrande og spektakulære opplevingar som skapar begeistring og engasjement, både for den travle og den utforskande gjesten.

Innhaldet i utstillinga er forankra i forsking gjennom samarbeid med Universitetet i Bergen som sikrar at alle tekstar i senteret er korrekt ut i frå det vi i dag veit om vikingtida.

Myklebustskipet
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen
Utstillinga
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Forteljinga i tre delar

Utstillinga

Nordfjordeid i vikingtida

Ei forteljing om kvardagslivet i samfunnet rundt Nordfjorden i vikingtida som bind saman kunnskap om kultur og daglegliv, spørsmålet om kven som kan ha vore begrava i Myklebustskipet, historia om den siste reisa til skipet og høvdingen sin død.

Utstillinga

Myklebustfunna

Ei forteljing om “den siste reisa” som bind saman kongen sin død og gravferda ved Myklebust ved Vikingane sin forestillingsverden, gudeverden og kosmologi. Ei forteljing om kulturen i området og store “samfunnsreiser” som viser livet etter høvdingsamfunnet.

Myklebustskipet

Myklebustskipet

Ei forteljing om skipet og “reiser ut i verden” som dreg fram handtverkstradisjonar med båtbygging og utsmykking, handel og plyndring, og reisene i Østerled, Vesterled og koloniseringa av Nord-Atlanteren. Ei Forteljing om spora etter store reiser og korleis vi fortolkar og forstår dei i vår tid.

Utstillinga
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen
Utstillinga
Foto: Foto: Ulf Rugumayo Amundsen