VR

Ta på deg VR-brillene og reis 1000år tilbake i tid på ein augneblink! Sjå korleis Nordfjordeid kan ha sett ut på vikingtida og prøv deg på bogeskyting inne i VR-verden. 

I vårt eige VR-univers har vi gjenskapt bygda som ei vikingbygd. I denne spelstasjonen kan du bevege deg rundt mellom hus, naust, gardsbygningar, smie, verkstad, dyr, folk og natur. Høyr på bølgeskvulp, vinden og måkeskrik. Du kan prøve deg på bogeskyting på blink, eller berre utforske bygda. Stasjonen består av to rom med VR briller og kontrollar. Frå utsida av stasjonen kan du også følge med på kva som skjer inne i brillene medan du ventar på å prøve sjølv.