fbpx

Villkår gruppebestilling

Gruppebestillingar omfattar grupper som er bestilt direkte til Sagastad eller gjennom turoperatørar. I dei tilfella der gruppa er bestilt gjennom ein turoperatør er det turoperatøren som forheld seg til Sagastad sine villkår.

Betalingsvilkår

Dersom det ikkje er gjort avtale om betaling på faktura skal beløpet betalast fullt ut med kort eller kontant under besøket.

Fakturaadresse skal være oppgitt på førehand dersom det gjerast avtale om betaling på kreditt. Vi kan sende faktura på EHF, e-post og per post. Faktura per post vil medføre eit fakturagebyr på kr 80,-

Turoperatørar som vil benytte seg av betaling på kreditt forpliktar seg til å utruste reiseleiar med gyldig voucher. Det skal komme tydelig fram kva bedrift voucheren er frå, kontaktdetaljar til verksemda og kva besøksstad voucheren gjeld for. Det skal også komme fram dato og tal på gjestar av voucheren. Voucheren må signerast av reiseleiar, både i blokkbokstavar og signatur, og leverast til dei ansatte ved inngangen når gruppa ankjem.

Turoperatøren skal i forkant av første besøk på senteret sende ein eksempelvoucher for referanse for å bekrefte gyldighet. Dette gjeld også dersom det gjerast endringar på voucheren. Dersom gruppa ankjem uten gyldig voucher må besøket betalast på kort eller kontant. Det vil foreligge eit gebyr på kr 250,- dersom turleiaren treng utskrift av manglande voucher.

Det kan ved hyppig besøk gjerast avtale om kvitteringsliste som fyllast ut av reiseleiar ved inngangen istadenfor voucher. Fakturering vil bli gjort fortløpande etter besøk, og må betalast per 14 dager etter fakturering dersom ikkje andre fristar er avtalt. Vi fakturerer ikkje beløp under kr 200,-. Eventuelle klager må sendast innan 3 månader etter besøket.  

Avbestilling

For å avbestille eller endre din bestilling, må du ta direkte kontakt med Sagastad på telefon eller e-post.

– Avbestilling kan gjerast fram til 7 dager før ankomst utan gebyr.

– Avbestilling mellom 2 og 7 dager før ankomst fakturerast 50% av beløpet.

– Avbestilling mindre enn 48 timer før ankomst faktureres hele beløpet.

– Det kan endrast antall gjestar fra dag 7 før ankomst til dagen før ankomst med opptil 20%. Ei større auke i tal på gjestar er mulig etter avtale og kapasitet. Endringar i tal gjestar meir enn ei veke i førekant av ankomst er gebyrfritt, men kan vere avhengig av kapasitet.

-Dersom bestillinga inkluderar servering må Sagastad være informert om endelig tal gjestar innan kl 10 dagen før arrangementet.

– Ei endring av dato frå di side reknast som ei avbestilling.

Kanselleringar/vesentlige endringar fra vår side

Kanselleringar/vesentlige endringar kan skje ved:

  • forhold vi eller underleverandør ikkje er herre over; til dømes vêrtilhøve, arbeidskonflikter osv.
  • at føresetnader ikkje er oppfylt; f eks atterhald om minimum tal på deltakarar osv. Dersom slik kansellering/vesentlig endring skjer, og du ikkje aksepterer det eventuelle alternativ du måtte få, tilbakebetaler vi 100%. For å kunne gi deg en best mulig opplevelse, held vi på retten til å foreta mindre justeringar i opplevinga. Slike justeringar kan skje til dømes pga. vêrtilhøve.

Del: