Før besøket

Kombiner gjerne besøket med ein tur i Sagaparken og badestranda like ved senteret og ein spasertur gjennom den pittoreske Eidsgata til Gravhaugane på Myklebust.

Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Parkering

Sagastad har felles parkering med Sagaparken, og du finn han strategisk plassert mellom senteret og parken. Det er gratis å parkere på heile Nordfjordeid, og er det fult på parkeringa ved Sagastad finn du mange alternativ innan gangavstand frå senteret. Parkeringa ved senteret har tre HC plassar.

Universell utforming

Sagastad ligg lett tilgjengeleg på bakkeplan, og har nesten heile utstillinga på dette nivået. Her er HC-toalett og HC-parkering. For å komme opp på platået som gjev tilgang til å komme om bord i Myklebustskipet finnast det trapp og rampe. Vi anbefaler ikkje å køyre her med rullestol på grunn av for bratt vinkel. Sagastad har ambisjonar om å utbetre tilgangen til skipet i framtida.

Anbefalt tidsforbruk

Vi anbefaler at du set av minst 1,5 time til ditt besøk på Sagastad. Dette er gjennomsnittstida våre gjestar brukar på å utforske utstillinga og sjå filmen på 20 minutt. Vil du vere sikker på å få med deg absolutt alt kan du gjerne rekne det dobbelte.

Nettverk

Sagastad har WIFI med god kapasitet i heile bygget som er gratis for alle våre gjestar. Kode til nettet får du inne på senteret. I amfiet er det tilgang på straum for PC. 

El-bil lading

Du finn hurtigladestasjon for El-bil ved kjøpesenteret ALTI, like ved Sagastad.

Bekledning

Sjølv om Sagastad kanskje kan kallast eit slags båtnaust så er det ikkje nødvendig å kle seg varmt. Senteret held jamt 22 grader, og kan ofte opplevast endå varmare på grunn av høg luftfuktigheit. Om sommaren fungerer spilane på bygget som god solskjerming, og på varme dagar kjennast det som regel avkjølande å komme inn på Sagastad.

Baby og små barn

Det finst stellebord på HC-toalettet inne på senteret. Barnevogn kan takast med inn på senteret dersom ynskjeleg. Parkering av vogn ved inngangen eller anna område i senteret skjer på eige ansvar. Vi kan vere behjelpeleg med varming av mat/mjølk i mikrobølgeomn på førespurnad.

Hund

Det er tillate å ha med servicehund inn på Sagastad. Hunden må enkelt kunne identifiserast som en servicehund og det skal framvisast gyldig skriftleg bevis på førespurnad.