Bedriftskort

Gje dine forretningsforbindelsar det vesle ekstra når dei kjem til Nordfjordeid, og ta dei med til vår svarte perle, Sagastad. Vis fram kva folket her har fått til. Både no og for 1200 år sidan har folket på Nordfjordeid fått til mykje som er heilt utanom det vanlege.

Bedriftskort

KUN KR 5000,- FOR EIT ÅR!

Bedriftskortet gjev tilgang til Sagastad, Myklebustskipet og heile utstillinga i ordinære opningstider. Tidene finn du her.

Kortet gjev også 30% avslag ved bestilling av Sagalunsj som inkluderer fersk sandwich frå minibakeriet, kaffi, te og isvatn servert i kaféen på Sagastad.

Villkår for bruk av kortet:

  • Kortet gjeld 1 år frå kjøpsdato
  • Dei tilsette kan ta med sine forretningsforbindelsar
  • Dei tilsette kan ta med sin næraste familie (livspartnar, barn, barnebarn)
  • Den tilsette som brukar kortet skal registrere besøket på namn+bedrift ved ankomst og må ha med kortet fysisk
  • Det skal meldast ifrå til Sagastad på førehand dersom de har planar om å komme med større grupper (10+)

For å bestille bedriftskort kan du skrive til oss på post@sagastad.no