Kongen av Fjordane

Størrelsen, plasseringa og innhaldet i gravhaugen på Myklebust, vitnar om at grava må ha tilhøyrt ein konge eller ein høvding. Fjordafylket med Nordfjordeid som høvdingsete var eit svært viktig distrikt i vikingtida, og det er gjort fleire rike funn frå denne tida i området.

Kongen av Fjordane
Foto: Francisco Munoz
Kongen av fjordane
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Ut i frå funna i haugen “Rundehågjen” er denne grava datert til siste halvdel av 800-talet. Midt i denne tidsperioden var det Kong Audbjørn som var konge i Fjordane, og han døydde i følgje Snorre Sturlasons kongesoger i eit sjøslag utanfor øya Solskjel på Nordmøre. Slaget ved Solskjel var eit av dei største slaga i Harald Hårfagre sin kamp om å samle Noreg til eitt rike. Her kjempa Hårfagre med sine menn mot fleire småkongar frå Sunnmøre som Kong Audbjørn hadde slått seg saman med for å stogge kongen som kom for å ta makta i kongedøma deira. Det var eit hardt slag med store tap på begge sider, men til sist måtte småkongane gi tapt for Harald Hårfagre sine styrker.

Kong Harald tok så makta på Sunnmøre og sette Ragnvald Mørejarl til å rå over området, mens i Fjordane overtok bror til Audbjørn, Vemund, makta. Men Ragnvald Mørejarl hadde speidarar ute etter Vemund, og same vinteren tok han seg til Naustdal kor han sette fyr på huset der Vemund var på veitsle. Vemund brann inne saman med 90 mann, og våren som fylgde segla Hårfagre til Nordfjord og la under seg Fjordane. Soga saman med funna i grava peikar mot at det er Kong Audbjørn som er gravlagt i Rundehogjen. Det er også mogeleg at grava tilhøyrde Vemund, men mest truleg er det at det var Audbjørn som døydde i slag som vart gravlagt med skipet sitt i branngrava. Teorien er ytterlegare styrka av beinanalysen utført av Dr. Holck ved Anatomisk institutt i Oslo i 1983, som viste at knoklane som var funne i bronsekjelen i gravhaugens senter viste spor etter hogg eller kuttskader som kan tyde på ein død som følgje av kampskader. Knoklane kom frå ein velbygd mannsperson på mellom 30-35 år, og alderen til personen åleine peikar også vekk frå ein død av naturlege årsaker.

Vegen til Valhall

I Ynglinge-soga frå Snorres kongesoger er det beskrive korleis Odin lovfesta branngrav som vegen til Valhall. «Odin gav lover i landet, de samme som før galdt hos æsene, han gjorde det blant annet lov at alle døde skulle bli brent, og det de eide, båret på bålet med dem. Han sa at hver mann skulle komme til Valhall med slik rikdom som han hadde hatt med seg på bålet; det han hadde gravd ned i jorda sjøl, skulle han også eie. Aska skulle bæres ut på sjøen eller graves ned i jorda. Til minne om stormenn skulle folk gjøre en haug, og etter alle slike menn som det hadde vært manns mot i, skulle de reise bautasteiner; denne skikken holdt seg i lange tider.» I neste avsnitt skildrast også Odins eigen død. «Odin døde sottedød i Svitjod, men da døden var nær, lot han seg merke med spydodd, og sa at alle våpendøde menn skulle høre ham til; han sa han ville fare til Gudeheim og ta imot vennene sine der. Nå trodde svearne at han var kommet til det gamle Åsgard og ville leve der til evige tider. Da tok de til igjen med tro og bønn til Odin. Ofte trodde svearne han viste seg for dem før store slag, noen gav ham seier, andre bød han hjem til seg, det syntes de var gode vilkår, både det ene og det andre. Odin ble brent da han var død, brenningen var stor og staselig. Det var en tro de hadde at dess høyere røyken steig opp i lufta, dess høyere plass fikk han i himmelen, han som ble brent, og han ble så mye rikere om det brant mye med ham.» Branngrava på Myklebust har store likskapar med gravskikken som skildrast av Odin og om Odins død, og det vil være rimelig å tenke at gravrituala som vart gjennomført for kong Audbjørn hadde til hensikt å sikre han ei storslått reise til Odins bord i Valhall. Skikken med å brenne skipet ved gravferda var typisk for Vestlandet på 700- og 800-talet, og grava på Myklebust er både den siste og den største branngrava vi kjenner frå vikingtida. Etter kvart som kristendomen vart introdusert vart branngraver forbode og vart sett på som ein heidensk skikk.