fbpx

Unike stadar å shoppe

Nordfjordeid er handelssenter i Nordfjord og har både nisjebutikkar i Eidsgata og kjøpesenter. Her finn du mange unike handleopplevingar.

Sagastad

Sagastad har sin eigen suvenirshop med mange interessante suvenirar med tema viking, vikingtid og lokalt handtverk. Her finn du mellom anna spennande bøker, vikingspel, kle, velsmakande gåver, handlaga trearbeid og flotte smykker.

Bergart smykke & sånt

Kathrine Berg er gründeren og gullsmeden som har erobra eit stort publikum både lokalt og elles gjennom nettbutikken sin. Ho tilbyr kjekke ting med lokal tilknyting, mykje designa og laga i eigen verkstad. Eit besøk i butikken hennar i Eidsgata er ei oppleving i seg sjølv med stort og spanande utval og god og personleg service. Her blir shopping ei glede! 

Monrad Johnsen, julebutikk, urmakar og gullsmed

Er dette landets største utval i julekuler og julepynt? I fleire generasjonar har familien tilbydt handlande gullsmedvarer, klokker, musikkinstrument og andre gåveartiklar. No er det mindre musikkinstrument, men desto meir julepynt. Set av god tid også til denne butikken. 

Lagerutsalget med overraskingar

Reidun på Lagerutsalget har alltid kjempegode tilbod, spesielt på alt av ull. Ho har også etablert ei eiga retroavdeling med musikk, servise og fat og lokale suvenirar. Eit besøk i Eidsgata må aldri skje utan eit besøk hos Reidun på Lagerutsalget. Det store kuppet i dette årets sommarshopping finn du mest truleg her! 

Minibakeriet, Didriks og Coco

Leon Knapskog er gründeren bak Minibakeriet i Eidsgata. Kundar reiser langt for å handle her. Forutan supergode brød og bollar, kan du her få dagens lunsj i form av sandwichar eller salatar. Han har også eit godt utval av lokale produkt i sitt sortiment. Sist, men ikkje minst er butikken utruleg koseleg og med svært, svært god service. 

 
Didriks er for mange det kjekkaste med Eidsgata. Kafeen i signaturbygget Åsebøhuset har god kaffi, smårettar, moglegheit for hyggeleg handel med smått og stort, og svært koseleg atmosfære. 
 

Coco er det urbane tilbodet på bygda. Inge og Berit flytta frå Oslo til Nordfjordeid. Dei har etablert frisør og kafé i det mest attraktive lokalet i gamle Eidsgata. Her får du skikkeleg kaffi frå kaffimaskin frå Firenze og Berit sin heimebakst enten før eller etter hårklippen, alt levert med eit varmt hjarte for bygda og gata. 

Såpekokeri

Blomsten og Bia såpekokeri har fokus på naturleg gode produkt som gjer godt og duftar himmelsk. Det trengst ingen mystiske kjemikaliar for å lage ei såpe, ein treng berre gode råvarer. Randi Haugland er opptatt av at alt som produserast skal ta mest mogleg miljøomsyn, så såpene er økologiske og farga med hennar eige urteekstrakt. Nokre variantar er også veganske, og emballasjen er resirkulerbar kartong. Såpene til Randi får du kjøpt på BergArt, Hamna Aktivitet og Helse, Sagastad og Blomsten og Bia sin eigen nettbutikk.

Frislid Herre-ekvipering

Frislid kjem altså frå Nordfjordeid til liks med fjordhesten. På Nordfjordeid har vi noko så fantastisk som herre-ekviperingsforretning. Her kan du møte kompetent personale som tar mål og tilbyr ein dress i din storleik og i ditt favorittstoff. Dei tar konsekvensen av at ikkje alle er A4. Frislid er kvalitet med ei sterk, lokal historie. Stikk innom Frislid! 

Tore-Garden gardsbutikk

Tore-Garden er ikkje berre ein attraktiv nettbutikk, men held også ope tre dagar i veka med besøksadresse Leivdalsvegen 171, 6774 Nordfjordeid. Sølvi og familien hennar starta nettbutikk frå eit lite stabbur på garden i Leivdalen for nokre år sidan. Det har blitt stor suksess, og butikken har no også tatt over låven på garden. Her kan du kjøpe heilt spesielle kle eller interiør i vakre omgjevnadar og du blir gjerne invitert på ein kopp kaffi med noko attåt i det vakre tunet på garden. Tore-Garden er blitt ein attraksjon. 

Sybutikken Primula Design

Ingunn Vaksdal har den minste og mest kreative butikken i Eidsgata. Her er snadder for den kreative, spennande interiørsaker, vesker, lamper, julepynt, smykke… ja, alt som er fint. 
Ingunn har nettbutikk ilag med dottera si. 

Eid Miljø

Godtebutikken for alle med interesser knytt til garn! Butikken sel også gåveartiklar og interiør. I 1988 starta Reidun Strand opp Eid Miljø Garn- og vevstove og vart grunna hennar enorme fagkompetanse etterkvart ein faghandel i strikk og handverk som folk valfarta langvegsfrå for å handle i. I 2016 flytta Reidun si dotter heim til Eid med mann og barn, for å ta Reidun sitt livsverk vidare då ho nærma seg pensjonsalder. Det har Ragni Marie gjort med glans. Sidan ho tok over for fullt i 2018, har Ragni bygd opp Eid Miljø til ein endå større, meir komplett og moderne faghandel i garn, strikk og kvalitetshusflid: Ja, rett og slett Nordvestlandets største strikkebutikk!

Handle lokalt der du er

Det er interessant at sopass mange har lukkast med nettbutikkar blant dei handlande på Nordfjordeid: Både Tore-Garden, Bergartsmykke og Sybutikken Primula Design har lukkast. Det gjer at du kan handle i desse spennande butikkane uansett kor du er og når det passar deg.  

Del: