I området

Midt i Stad, får du smaken av det urbane livet i bygdebyen Nordfjordeid. Passe stor. Passe liten. Stor nok til å tilby det du treng. Liten nok til å gje kjensla av å ha den for deg sjølv.

Selja
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Her har vi samla litt informasjon om Nordfjordeid og området rundt som kan vere kjekt å lese før du kjem til bygda. Meir informasjon finn du på hjartestad.no og på nordfjord.no

Handelsstaden

Den pittoreske Eidsgata har lange tradisjonar som handlegate. I dag finn du nisjebutikkar og kafear der. Gata er i Riksantikvaren sitt register over tettstader med nasjonal verdi, og eidarane er stolte av og tek vare på husa i gata. Ei vandring i gata tek deg tilbake til farne tider; husa i den eldste delen av gata er frå siste del av 1800-talet og tidleg 1900-talet. Du finn også gravhaugane frå vikingtid like ved Eidsgata.

Ved fjorden finn ein det moderne kjøpesenteret ALTI Nordfjord der du kan få kjøpt alt av mat, utstyr, klede, parfymeri, apotek og vinmonopol. Der er også ein populær kafe med panoramautsikt ut fjorden. 

Ein stad å bu

Nordfjordeid er ein ypparleg stad å bu når du er på tur i Nordfjord. Her har du alt du treng samtidig som du har tilgang til eldoradoet av opplevingar i regionen innan ein time med bil.
Vi kan anbefale Nordfjord Hotell som ligg sentrumsnært på Nordfjordeid. Hotellet tilbyr velutstyrte gjesterom, har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling samt badehus med SPA og treningssenter. For meir informasjon sjå: www.nordfjord-hotell.no

Andre gode stadar å sove på Nordfjordeid er Sentrum Hotell, Skipenes Gard, Orheimstunet, Alsaker hytteutleige, Smørdal hytteutleige og camping, Nesjartun camping, Årskogvika camping og fleire flotte alternativ på airbnb.no.

Ser du etter ein stad litt utanfor Nordfjordeid vil vi anbefale det historiske Gloppen Hotell på Sandane, det nye og flotte hotellet ved havet, Stad Hotell, Tretopphytter i Gloppen, luksus på Alexandra i Loen eller Raftevold Hotell i Hornindal.

Ete

Utan mat og drikke duger helten ikkje! Påfyll av både viktig næring og gode smaksopplevelsar finn du mange stadar på Nordfjordeid og stadane rundt. Populære plassar for kaffi, is eller lunsj er COCO, Didriks og Minibakeriet. Aske Restaurant er kjent for god både gatemat og dagens middag. China Restaurant Chen har både god mat og god service. Den finaste staden for uteservering finn du ved fjordkanten på Magnifikk. Skal du ut på tur vil vi foreslå ein tur til Vestkapp for ein smak av det ville Stadlandet.

Aktivitetstilbod

Hamna aktivitet og helse har både treningsrom, klatrerom for barn og buldring. Hamna er plassert i småbåthamna, der det også er oppstillingsplassar for bubilar.

Fjordhesten er ein av verdas eldste hesteraser og har sitt opphav i fjordlanskapet på vestlandet. På Nordfjordeid er det heilt vanleg å treffe fjordhestar i gatene, og på Norsk Fjordhestsenter kan du få vere med på aktivitetar i lag med denne særeigne hesten .

Det finst mange merka turløyper med utgangspunkt i sentrum eller områda rundt. Du kan også nå svært flotte fjelltoppar/ utsiktspunkt som Trollenyken, 898 meter over havet. Sjå ut.no for turskildringar.

Kulturtilbod

Nordfjordeid har eit variert kulturliv med alt frå rockefestival til opera, her er det mykje å gle seg til. Operahuset har to store salar for kino, teater og i oktober også svært profesjonelle operaoppsettingar. Programmet finn du på operahuset.no. Rockefestivalen Malakoff drar kvar sommar mange tusen menneske til Nordfjordeid, og går av stabelen i juli. Meir om festivaln på malakoff.no.

For kunstinteresserte er galleriet i Gamlebanken ein flott stad å besøke i tillegg til Åse Huse sitt eige galleri i Heggjabygda. Lær om svunne tider på Sagastad, Snekkarskulen i Holmøyane og ved å gå Sagaløypa gjennom sentrum. Følg også med på programmet til Sagastad for å få med deg konsertar, foredrag, sjøsetjing eller andre hendingar på senteret.

Bading og parkliv

Sagaparken som ligg like ved Alti Nordfjord, er eit nytt park- og badeanlegg ved Eidsfjorden. Her er det fint å berre sitje og nye utsikta over Eidsfjorden, eller ta i bruk litt av det som parken innbyr til. Her er leike- og trimapparat, sandvolleybane, grillhytte og andre aktivitetstilbod, og ei universelt utforma badestrand. Her ligg også eit offentleg toalett.

Vikingparken ligg like ved den gravhaugen på Myklebust der det brente «Myklebustskipet» vart funne i si tid, og som no blir rekonstruert i full storleik i Sagastad. Litt tilbaketrekt mellom Eidsgata og Lotevegen er dette ein stad for kvile og å nyte utsikta til gravhaugane Rundehogjen og Skjoratippen. Du går innom denne parken om du går Sagaløpa.
Klatreparken ligg ved Eid kyrkje. Her er plassen for både store og små barn. Fint å sitje her medan borna kosar seg i klatrestativa.

Like ved busshaldeplassen ligg Maurstadparken som har fått namnet sitt etter Alfred Maurstad som også har fått ei flott statue av seg der. Statua viser Maurstad som Peer Gynt og er laga av Arnold Haukeland.

Den største parken i sentrum er den gamle eksersisplassen. Går du sørover frå Almenningen langs Osvegen, kjem du til Plassen. Her er det historisk sus mellom trea, dei gamle husa frå eksersistida og bautane med minnesmerke over falne i verdskrigane. Langs elva ligg Jektehola med sti langs Eidselva. Her er det grillar som du kan nytte, og her er også fint for ungane å plaske i elva eller berre sitje å nyte endene som har tilhaldsstad i elva her.

Badstuplassen er ein park med eit leikeområde midt i Eidsgata. Lokalisert like ved Kulturhuset Gamlebanken. Her er det også offentleg toalett.

Dagsturar

Nordfjord eir eit perfekt utgangspunkt for turar i Nordfjord og Sunnmøre. Her er du midt i mellom havet i vest og Jostedalsbreen mot aust. Kjende reisemål som Loen, Geiranger, Ålesund og Vestkapp ligg alle innan passeleg avstand for dagsturar.

Loen er eit populært reisemål med sitt turkise brevatn og glinsande kvite fjelltoppar. Her kan du ta Loen Skylift 1000 meter opp over fjorden nedanfor til restauranten på fjelltoppen, Hoven. Dei vågale kan prøve seg på via Ferrata, og familiar storkosar seg med padling på Lovatnet eller tur til ein av brearmane frå Jostedalsbreen. Det er også kort veg frå Loen til den eventyrlege vandredalen, Oldedalen, og den berømte breen i Briksdalen.

Verdsarvstaden Geiranger har mange fascinerande sider ved seg. Den flotte naturen, spennande historie om gardar ein knapt kan tru det kunne bu folk og eit rikt aktivitetstilbod. Her finn du eit yrande liv på sommaren sjølv om det er få fastbuande på staden. Tar du turen til Geiranger må du få med deg ein stopp innom den utruleg sjarmerande sjokoladebutikken, fjordsenteret, og ein av dei mange turane til fots eller med båt. Vi anbefaler å ta turen til Geiranger som ein rundtur frå Nordfjordeid via Stryn, opp Strynefjellet og ned til Geiranger via fv63. Ta ein stopp på dei fine utsiktspunkta på Dalsnibba og Flydalsjuvet. Frå Geiranger kan du ta ferje til Hellesylt og kjøre vegen via Hornindal tilbake til Nordfjordeid.

Ålesund er kanskje den vakraste byen i Noreg der den ligg vakkert til på Sunnmørskysten med sin spesielle Jugend-stil arkitektur. Her kan du besøke til dømes Atlanterhavsparken og sjå på eit hav av forskjellige dyr som lev i atlanteren.

Noregs vestlegaste punkt finn du på Vestkapp på Stadhalvøya. Her kan du oppleve heilt annleis natur enn inne i fjorden, ein natur som i alle tider har vorte forma av tøffe vêrtilhøve. Få eit godt måltid på restauranten på Vestkapp eller på Stad Hotell. Ta turen med båt til den segnomsuste øya Selja for å besøke klosterruinane og  grotta der St. Sunniva gøymde seg frå barbariske vikingar, døydde og vart lyst til helgen.