Skule og barnehage

Sagastad er godt tilrettelagt også for dei yngre. Det er viktig for oss å veke interessa for historien hjå dei komande generasjonane, difor har vi strekt oss langt for å tilby den beste prisen og tilpassa opplegg for ulike aldrar.

Barnehage/born under 6 år

Ofte er det nok å komme inn å sjå på skipet og ta inn alle inntrykka i senteret, men vi kan også tilby mini omvising/ei lita forteljing for dei som ynskjer. Borna slepp inn gratis, de betaler kun for dei vaksne, og eventuelt ein sum for omvising. Det må vere med ein vaksen for kvart 5 born. Vil de komme ofte kan det vere lurt å kjøpe inn årskort/sesongkort til dei vaksne. Dersom de ynskjer kan de gjerne ta med nistematen og ete i kafeen inne på Sagastad.

Skuleklasser

For skuleklasser kan det vere fint å ha både omvising og sjå kino. Vi tilpassar omvisinga til alderstrinnet, og kinoen er tillate for alle aldrar. Elevane bør også få tid til å utforske utstillinga på eiga hand og til å svare på quiz. De kan ete lunsj i kafeen ved høve, anten kan de ta med eiga niste, eller bestille mat gjennom Sagastad.

Puljestorleik for omvising er max 25 elevar. Større grupper delast og byttar på å få omvising og å sjå kino. De bør rekne ca 1,5 time for eit besøk på Sagastad.

Pris for skuleklasser

50kr per person (samme pris for elev og lærar) + kr 1000,- per pulje for omvising.

Ta kontakt på post@sagastad.no for å bestille.