Kino

Vil du setje deg raskt inn i rette stemninga og få eit overblikk over kjernen i historia kan vi anbefale å starte med ein tur i kinorommet. «Det brente skipet» er ei fascinerande historie om mystiske ritual og utrulege funn.

Myklebustskipet
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Innhaldet i filmen handlar om historia til gravfunna i Rundehogjen der ein fann dei brende restane etter eit av verdas største vikingskip. Ein ser på funna frå grava og forsøker å forstå kva dei kan fortelje oss. Kven var mannen i grava? Korleis levde og døydde han?

Filmen er laga av Arkikon i 2010, men har vorte oppdatert og klipt til ein familievennleg versjon som passar til å visast gjennom heile opningstida på Sagastad. Den nyaste versjonen visast i senteret frå og med våren 2021. Visningstida for filmen er i underkant av 20 minutt.