Omvisning
Ynskjer du ei levande forteljing i tillegg til å utforske på eiga hand? Sagastad tilbyr omvising ved ein av våre Sagavertar.
Ei omvisning vil bestå av forteljinga om soga, utgravingar og mytologi samt Sagastad si forteljing om korleis senteret og Myklebustskipet vart til. Omvisinga kan ved ynskje ende eller begynne i kinoen for å sjå «Det brende skipet». Set av om lag 20-30 min til ei omvisning, og 20 minutt til å sjå film.
Omvisning må bestillast på førehand slik at vi kan planlegge nok bemanning. Prisen for ei gruppe på opp til 20 personar er kr 1500,- i tillegg til inngangsbillettar til senteret. Større grupper må delast i mindre puljer.
På førespurnad kan vi også tilby guiding med forteljing i Sagaløypa på Nordfjordeid som går til mellom anna gravhaugane på Myklebustgarden.