Bærekraft

Sagastad er eit topp moderne senter som er konstruert og drive med tanke på framtida. Fokus på fornybar energi og kortreiste material  står sentralt.

Sagastad
Foto: Øystein Torheim

Ser du Sagastad ovanfrå vil du legge merke til lange rader med solcellepanel som forsyner senteret med energi. I tillegg vert senteret forsynt med varme i frå fjorden gjennom Fjordvarmesystemet. Dette gjer at ein stor del av straumen kjem frå fornybare kjelder, og i sommarmånadane produserast det meir straum av desse systema enn det senteret brukar.

Myklebustskipet er i bærekraftsamanheng eit kortreist skip. Det meste av materialane kjem frå Bjørkedalen i nabokommuna vår Volda. Materialane har båtbyggjarane henta frå eigen skog, og arbeidskrafta er soleis også kortreist heilt frå felling av skog til ferdigbygt skip. Treskjærar Rolf Taraldset kjem også frå Volda kommune (tidlegare Hornindal) og har skore ut hovud og hale til skipet heime på verkstaden sin.

For å ta godt vare på skipet har bygget installert ventilasjonsanlegg med fuktar slik at skipet skal ha optimal luftfuktigheit til ei kvar tid. På denne måten tørkar ikkje skipet for mykje og ein unngår at skipet tar inn for mykje vatn når det sjøsetjast. I framtida håpar vi at skipet skal få reise med vindkraft i segla. Kven veit, kanskje blir det ein dag langreist?