Konsert

Sagastad har ein akustikk på linje med store katedralar, ein klang som gjev uante moglegheiter. Saman med dei vanvettig vakre kulissane som består av det enorme Myklebustskipet og speil effektar i rommet vert dette ei heilt unik sanseoppleving.

Senteret rommar vel 200 gjestar i publikum, men når applausen bryt laus høyrest det ut som her er tre gongar så mange. Det er eit takknemleg lokale å spele i samtidig som det nok også har sine utfordringar lydteknisk. Når lyden er godt arrangert og tilpassa dette spesielle bygget vert stemninga heilt utanomjordisk!

Konsert
Konsert

Følg med på facebook eller under aktuelt for å få med deg informasjon om komande konsertar. Det kan lønne seg å vere raskt ute å kjøpe billettar til konsert på Sagastad!

Skal du ha selskap på Sagastad gir ein minikonsert med eit par-tre låtar ein ekstra fin spiss på arrangementet. Spør oss gjerne om tips til artistar.

Ynskjer du å leige lokalet for konsert, eller er du artist som har lyst å spele her høyrer vi gjerne frå deg på post@sagastad.no

konsert
Foto: Jørn Løset