Selskap

Er du på jakt etter eit unikt lokale for ditt selskap er Sagastad eit fantastisk val. Vi har fokus på lokale gode råvarer, og er du heldig er det kokken sjølv som har skote hjorten. Meir kortreist vert det vel knapt!

Vi kan dekke til inntil 60 personar, og tilbyr ein selskapsmeny spesielt med vikingtida i tankane. Kva med eit langbord med vikingtapas laga av råvarer som vikingane også brukte i sine gilde?

Start gjerne kvelden med ei omvising i senteret for eit historisk sus over arrangementet. Vi kan servere aperitif i skipet, og gjestane går til bords i kafeen ved sidan av skipet. Senteret har mikrofonar for taler eller andre innslag, og utstyr for framvising av bilete eller presentasjonar. Spør oss gjerne om forslag til artistar som kan bookast for underhaldning.  

Selskap

Gjestane har tilgang til utstillinga og skipet under heile besøket. Vi ber om at mat og drikke ikkje vert tatt med inn i utstillinga.

Ynsker du å bestille Sagastad til ditt selskap rår vi deg om å vere tidleg ute å bestille. Selskap leggast i all hovudsak utanom senterets opningstider, og der kan vere enkelte avgrensingar i høve dei ulike sesongane. Det må påreknast lokalleige i tillegg til pris for mat og servering.

Sagastad har ordinært skjenkeløyve, drikkevarer må bestillast gjennom oss.

For ein stad å feire ut i dei små timar etter middagen vil vi anbefale å rusle den korte turen gjennom Sagaparken over til Magnifikk.