Akademi

Som kunnskapssenter er det viktig for Sagastad å tilby kunnskap både om vikingtida og andre aktuelle tema. Vi har mål om å tilby ei rekke interessante foredrag, kurs og samlingar gjennom året.

Akademi

Utstillinga på Sagastad er utvikla i samarbeid med Universitetet i Bergen og Middelalderklynga, og held dermed eit fagleg høgt nivå. Det er eit mål at eit besøk på senteret skal invitere til undring og eit ynskje om å vite meir. Derfor er det viktig å skape arrangement som styrkar banda mellom Sagastad, universitet og forskarmiljø, og andre grupper som kan formidle kunnskap og handverk. Vår visjon er ein symbiose der alle desse kan dra nytte av kvarandre for felles glede og inspirasjon.

Akademi arrangementa kan holdast av alt frå lokale personar med ein spesiell kunnskap eller interesse, til kjende namn innan forskingsmiljøet. Vil du lære meir om mytologien og rituala til vikingane, eller kanskje du er interessert i korleis dei lagde kle og kva dei gjorde til dagleg? Er det eit tema du ynskjer vi skal ta opp, eller ein person du gjerne vil ha som foredragshaldar kan du sende oss eit tips! Planlagde arrangement finn du under aktuelt. Følg oss på facebook for å få beskjed når vi planlegg nye arrangement.

Akademi