Gravhaugane

Det har vore om lag 200 år med hauglegging på Myklebust. Det betyr at det i dette tidsrommet kan ha eksistert eit maktsenter her på Eid, moglegvis beståande av ei regjerande slekt. Å bli gravlagt i haug var ein skikk som ofte var reservert for rike og mektige menneske. Menneska gravlagt i haugane på Myklebust har derfor mest sannsynleg vore viktige personar i samfunnet på Nordfjordeid i vikingtid.

Dei eldste gravene vi har klart å datere er frå siste halvdel av 700-talet og dei yngste frå midten av 900-talet. Det ser ut for at det før vikingtid, ikkje har vore noko makt sentrert på Nordfjordeid, men at dette maktsenteret oppstod ved inngangen til vikingtid. Denne makta blir legitimert i gravhaugane (monumentale graver som maktsymbol), og makta bygger seg opp gjennom perioden. Mot slutten av 800-talet og fram mot midten av 900-talet ser vi ei auking i haugleggingar. Dette kan sjåast i samanheng med samfunnsendringane som skjedde i dette tidsrommet: rikssamlingsprosessen og kristninga av Norge. Det er mogleg at høvdingen som regjerte på Nordfjordeid ville verne om makta og området sitt, og at det auka talet på graver er eit vitne om desse stridigheitene.

Arkeologisk dokumentasjon frå 1874 og 1902/03 viser at det har stått fem gravhaugar på Myklebustgarden. Dei er dokumentert som haug 1, 2, 3, 4 og 5.

Gravhaugane
Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Haug 1

Lokalt kjenner vi denne haugen som «Rundehogjen» eller «Lisje Skjoratippen», og det var denne haugen som inneheldt restane etter Myklebustskipet. Haugen var utgrave i 1874. Dette er tidleg i arkeologiens tidsalder, då hovudfokus var å finne rikdommane i senter av grava, og haugen er ikkje fullstendig utgrave. Funna må derfor reknast som eit minimum av det gravhaugen har innehaldt.

Grava var eit stort urnebrannflak (kremasjonsgrav med urne). I brannflaket var det funne rundt 750 klinknaglar og spiker. Dei brente menneskebeina var lagt i eit ubrent importert bronsekar (karet er av keltisk opphav, truleg plyndra frå eit irsk kloster/kyrkje). Over bronsekaret låg 12 skjoldbular som danna eit beskyttande lok. Totalt var det funne 44 skjoldbular, og det er sannsynleg at desse representerer mannskapet på skipet. Grava i denne haugen er datert til siste halvdel av 800-talet.

Tapte gjenstandar i grava

Der har nok vore mange gjenstandar i grava som har gått tapt i kremasjonsbrannen. Desse tinga kan vi aldri vite kva dei var eller korleis dei såg ut, men vi kan tenke oss til mange av gjenstandane som har vore med på reisa til Valhall.

Tekstilar

Den døde har nok vore lagt i grava i sine finaste kle, i tillegg har det truleg vore tepper/bildevev og forseggjorte brikkevevde band. Tekstilar var svært viktige og verdifulle i vikingtid og spesielt for samfunnets øvste lag var dyre og forseggjorte farga og vevde tekstilar viktige for å formidle sin rikdom og status. Skipet var et seglfarty og seglet har nok også vore med i grava.

Hesteutstyr og dyr

Det vart funne bissel, og det er rimelig å anta at hesten eller hestane i grava har vore utstyrt med sal og seletøy ved ofringa. Salen og seletøyet har vore av tre og skinn og har ikkje overlevd kremasjonen. Det same gjeld også sverd og knivslirer, belte etc. Lorange skriv at det var store mengder beinmateriale i kollaga i grava og etter alt å dømme er nok dette dyrebein. Dessverre samla ikkje Lorange inn disse beina, så kva slags dyr som har vore ofra veit vi ikkje. Ein får inntrykk av at det var nokså mykje bein, og sidan dei har vore godt synlege i kollaga dreier det seg nok om større dyr. Blant beina var bein frå hest, men ut i frå Oseberg og Gokstad samt skriftlege kjelder er det sannsynleg at det i tillegg til hestar både var hundar og kanskje også storfe. Vi veit at fuglar var vanlig å ofre i forbindelse med gravleggingar, men utan innsamla materiale til å analysere er det umogleg å vite om det er tilfelle her og i tilfelle kva type fugl. Men både hønsefugl, samt rovfugl som falk og ugler er kjent i andre samanhengar.

Tregjenstandar

I Osebergfunnet var det både sledar og vogn, seng, stol, trekar og utskorne dyrehovudfigurar. Det er rimeleg å anta at det har vore fleire tregjenstandar enn skipskista i Myklebustfunnet. Tregjenstandar utan jernbeslag. Det er sannsynleg at den døde har blitt lagt i skipet i senga si, sannsynlegvis med sengetøy og pute(r), og høgst sannsynleg at det har vore behaldarar slik som trekar med mat og drikke blant gravgodset. Mat og drikke var heilt vanlig for ferda til dødsriket, men er naturlegvis i liten grad bevart i gravene. Det er rimeleg å anta at eventuelle tregjenstandar i funnet har vore ornamentert med utskjeringar og fargar. Truleg har den døde og gravgodset vore plassert i eit teltforma gravkammer av tre satt opp like framfor masta på skipet.

Funnliste

  • Skip truleg bygd av furu (massive kollag, ca 700 naglar og spiker, mastering, beslag etc.)
  • Hest (3?) må ha vore minst éin
  • Dyrebein ukjente arter
  • Langbuar
  • Spyd
  • Skjoldbular (44)
  • Emaljert bronsekar (Irsk)
  • To sverd
  • To Spyd
  • Øks
  • Pilspissar (12)
  • Kniv
  • Skeibor
  • Jernstong (ukjent bruk)
  • Hestebissel
  • Smelta bronse (draktspenne?)
  • Spelebrikker av bein (5)
  • Terningar av bein (3)
  • Kam (2 stk) av bein
  • Glasperle av mørkt glas med kvite bølgjefigurar
  • Hengsler og hasper til skrin/kiste
  • Nøkkel av jern til skrin/kiste
  • Diverse beslag til kiste
  • Jernstykke (reiskap?)
  • Lenke av jern
  • Jernband
  • Jernkrok
  • Jernring
  • Brente menneskebein (ca 1,7 kg)
  • Dyrebein i geiteskinn (niste)
Gravhaugane funn
Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Haug 2

Lokalt kjenner vi denne haugen som «Skjoratippen». Denne haugen var utgrave i 1902/03. Ein fann då 5, kanskje 6 graver. To kvinnegraver, tre mannsgraver + ei ukjent, mogleg båtgrav. Gravene daterer seg frå siste halvdel av 700-talet fram til midten av 900-talet. Denne haugen er ei så kalla dynastigrav, og viser at det har budd ei mektig slekt på Myklebustgarden  over ein lang tidsperiode. Haugen kan frå byrjinga ha vore ein haug som har vakse for kvar nye grav, eller fleire haugar som har lagt tett for så å ha blitt kombinert til ein haug ved anleggelsen til den siste grava.

I denne gravhaugen var det funne ei stor mengde gjenstandar frå dei ulike gravene. Det er gjenstandane som har gjort at vi har kunne datere dei typologisk. Det vil seie at sverd, smykker og reiskap viser ei utvikling frå dei eldre typane som fanst heilt i starten av vikingtid (kanskje litt før, ca år 750), fram til typane som fanst på midten av 900-talet. Det vi konkret ser er f.eks. ei ovalspenne frå den eldste typen som er liten, nesten heilt glatt, berre med eit lite mønster i overflata. Utviklinga av ovalspenna er tydeleg når vi kjem til 900-talet. Spennene har då doble plater, knoppar, dyreornamentikk og sterke relieff.

Gjenstandane i haugen var alt frå sverd, økser, skjoldbular, kjøkkenutstyr, smykker og båtnaglar.

Haug 3

Var ein langhaug som var 27 m lang, som stod på same terrassekant som haug 2. Denne haugen var fjerna utan utgraving, men før dette hadde arkeologen tatt prøvestikk og funne ubrente båtnaglar. Det er derfor ei moglegheit for at denne haugen har romma minst ei båtgrav. Dateringa er ukjent.

Gravhaugane funn
Foto: Universitetsmuseet i Bergen
Gravhaugane
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Haug 4

Låg på same terrassekant som haug 2 og 3. Ved vegbygging i 1847 vart eine kanten av haugen skada og det vart avdekka ei ubrent mannsgrav. Ettersom grava låg så langt ute i kanten, meinte ein at dette ikkje kunne vere primærgrava, og riktig nok når resten av haugen vart fullstendig undersøkt i 1902/03, fann dei ei kvinnegrav i form av eit brannflak(kremasjonsgrav) nær midten av haugen. Ei stor mengde klinknaglar tyder på at kvinna har vore brent i ein båt. Begge gravene er datert til 900-talet.

  • Gjenstandar frå mannsgrava: eit sverd og ein spydspiss
  • Gjenstandar frå kvinnegrava: 350 klinknaglar, ei oval bronsespenne og andre smykker, ei glasperle, kjøkkenutstyr, tekstilreiskap, dyrebein og ein spesiell stav.
  • Kvinnegrava har blitt tolka til å kunne vere ei såkalla volvegrav. Ei volve er ei trollkjerring, kanskje ein rituell leder. Volve betyr «stavbærer».

Haug 5

Vi manglar fullstendige opplysningar om denne haugen, ettersom den var fjerna i 1875 utan utgraving. Det var tatt vare på gjenstandane som var funne i haugen, som likevel gir oss spor: Det var funne to sverd, to økseblad, to bor, ein ambolt, ein hammar, ei smedtang og eitt sagblad. Gjenstandane viste spor etter å ha vore i eld. På trass av manglande funnkontekst, er det mogleg at haug 5 kan ha innehaldt to mannsgraver.

Kanskje var ei Volve gravlagt på Nordfjordeid
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Kongen i haug 1

Den store skipsgrava har blitt diskutert å kunne ha ei kopling til Audbjørn, Kongen av Fjordane, som står omtalt i Snorre sin saga om Harald Hårfagre. Der står det at kong Audbjørn var kongen over Firdafylket, og reiste opp til Solskjel i 876 for å kjempe mot Harald Hårfagre. Der døde kong Audbjørn. Det ein har trudd er at Audbjørn hadde sitt sete på Myklebust her på Nordfjordeid, og vart brent med skipet sitt og hauglagt ved strandflata på Myklebust. Det er alltid problematisk å skulle bruke sagamaterialet for å «bevise» noko – dette gjelder også her. Vi kan ikkje seie sikkert at mannen i grava er kong Audbjørn. Men vi kan seie at det er mogleg, for det er mogleg. Fleire ting underbygger denne påstanden:

  • Grava er datert til sistehalvdel av 800-talet. Rett nok typologisk datert, ikkje ei absolutt datering.
  • Menneskebeina i grava har blitt analysert: dei stammar frå ein velbygd mann som døde når han var mellom 30 og 35 år.
  • Beina viste spor etter hogg og stikkskader. Dette er skader som ville vere samstemt med krigsskadar.
  • Blant beina låg det ein einaste pilspiss. Det er sannsynleg at denne stod inne i kroppen på mannen når han blei brent, og at dette var eit resultat av krigføringa.
  • Sjølve grava, skipet som fulgte med, viser utvilsomt til ein mann av særleg betydning. Det er ei grav verdig ein høvding eller ein Konge.

Om det var Audbjørn eller ikkje, viser gravfeltet på Myklebust uansett ei spennande historie. Menneska gravlagt her var nok viktige skikkelsar i si tid. Men vikingtidshaugane forsvinner mot siste halvdel av 900-talet. Blei menneska kristne? Døde maktsenteret ut? Flytta dei? Eller endra dei berre gravskikken sin?