Vikingmåltid

Skal du ete på Sagastad får du ete som ein Viking! Vi har saman med våre leverandørar utvikla vår eigen meny til små og store måltid i vakre omgjevnader.

Vikingmåltid

Eit vikingmåltid i Sagastad har fokus på råvarer som ein hadde i vikingtid. Med Myklebustskipet som “kulisse” og historia om vikingkongen og skipet hans som aperitiff, blir du invitert på ei smaksreise tilbake i vikingtida. 

Odins Vikingtapas inneheld eit stort spekter av råvarer og smakar og det blir garantert eit annleis måltid.

Du kan også velje Tors kjøtsuppe eller Valkyriene si krema fiskesuppe. Vi kan og freiste med Viltgryte Audbjørn,  Lammeskank Vemund eller Drakens Svineknoke. Vikingane likte godt søtsaker. Vi har trollkrem dronning Ingerid, heimelaga eplekake Idun eller dessert med bær a la Frøy.

Råvarer som er aktuelle er fisk, lam, hjort, rotgrønsaker, urter, heimelaga takkebrød, frukt, bær, mjølk, fløyte og mykje meir. 

Vikingmat er tilgjengeleg for bestilling til selskap og andre arrangement. Vi anbefaler å planlegge slike arrangement i god tid. Sagastad har skjenkeløyve . Det må påreknast lokalleige i tillegg til pris for mat og servering.