Myklebustskipet

Myklebustskipet er det største vikingskipet som ein har funne spor etter i Noreg. Det vart funne i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874, men sidan vart det gløymt av mange. No har skipet reist seg frå oska berre få meter frå  fjorden der det fyrst segla for over 1000 år sidan.

Myklebustskipet
Foto: Fotografen Eide

Gravhaugen med det store skipet

Den unge arkeologen Anders Lorange kom til Nordfjordeid frå Bergen i 1874 for å undersøke den store gravhaugen som lokalt vert kalla «Rundehågjen» eller «Lisje Skjoratippen». Haugen står på Myklebustgarden, ein gard som har husa 5 gravhaugar. Men akkurat denne haugen viste seg å vere spesiell.

Haugen var om lag 30 meter i diameter, var nesten 4 meter høg, og hadde ei brei vollgrav rundt. Haugen inneheldt restane etter eit fantastisk vikingskip og ei rekke høgstatus-gjenstandar frå slutten av 800-talet. Dei overdådige gravrestane i haugen og spora etter dei mystiske rituala som var utført ved gravlegginga, gav ei fascinerande innsikt i levemåte og verdsbilete i det norrøne samfunnet som levde på Nordfjordeid for over tusen år sidan.

Skipet i haugen fekk namnet Myklebustskipet, etter gardsnamnet der det vart funne. Dessverre kom skipet i skuggen av vikingskipa som vart funne nokre år seinare: Gokstadskipet i 1880 og Osebergskipet i 1904. Årsaka var at Gokstadskipet og Osebergskipet var funne intakte, medan Myklebustskipet hadde vorte brent ved gravlegginga. Det var derfor ikkje mykje å sjå av Myklebustskipet. Men gravhaugen inneheldt spor etter ei stolt fortid for skipet og den gravlagde. Denne historia er det Sagastad løftar fram i det nye kunnskapssenteret.

Oversikt Sagastad
Foto: Ruben Soltvedt
Myklebustskipet under bygging
Foto: Jørn Løset

Eit kongeskip

Storleiken til skipet er kjent på bakgrunn av fleire funn: det første er tal på klinknaglar og spiker (minst 7000), og storleiken på desse. Storleiken varierte etter kvar på skipet det hadde stått og lengda fortalde kor tjukke bordgangane på skipet må ha vore. Det andre er den store mengda med oske i haugen. Oskelaget strakte seg ut til begge kantane av haugen, og på midten var det eit dobbelt lag, skild av eit lag sand. Det andre laget kan ha vore dei brende restane av endane på skipet som har vorte kasta inn på midten før haugen vart bygd over grava. Det tredje er tal på skjoldbular i grava. Totalt vart det funne 44 skjoldbular, noko som ein trur representer mannskapet på skipet. Dette talet reknast som eit minstetal då grava berre vart halvvegs utgrave. Skjolda ville truleg vore plassert langs rekkene på skipet, og gir oss derfor eit bilete av lengda av skipet. Basert på desse punkta er den estimerte lengda på Myklebustskipet 30 meter. Dette er ein enorm størrelse, større enn både Osebergskipet og Gokstadskipet.

I vikingtid fanst der mange ulike måtar å gravlegge ein person, men hauglagde skipsgraver var noko som berre dei rikaste og mektigaste fekk. Dette vitnar også gjenstandane i grava om. Med seg hadde den døde fått eit fullt våpensett, smykker, spelebrikker og flottast av alt var eit Keltisk bronsekar som romma dei brente beinrestane. Alt dette tyder på at den gravlagde var ein rik mann, ein som stod sentralt i samfunnet – truleg ein vikingkonge. Myklebustskipet kan reknast som eit kongeskip – eit skip verdig den siste reisa til Vallhall.

Myklebustskipet under bygging
Foto: Jørn Løset
Myklebustskipet under bygging
Foto: Jørn Løset

Rekonstruksjonen av Myklebustskipet

Hausten 2016 skrivast det ny vikinghistorie på Nordfjordeid og i Bjørkedalen. Etter planlegging heilt sidan tidleg på 90-talet byrjar planane for eit senter som skal vise fram funna og historia frå vikingtid på Nordfjordeid å verte realisert. Dyktige og erfarne båtbyggjarar frå Bjørkedalen starta arbeidet med å rekonstruere Myklebustskipet, slik vi trur det opphaveleg kan ha sett ut. Bjørkedalen er ein stad som har lange tradisjonar innan båtbygging, tradisjonar som kan sporast tilbake til vikingtid og har truleg vore til stades endå lenger. Tilgang på god skog har gjort at båtbyggjeri har stått tett i tett i Bjørkedalen, og den dag i dag vert der bygd vikingskip og andre trebåtar. Båtbyggjarane med sin levande tradisjon, spelte derfor ei avgjerande rolle for å kunne realisere Myklebustskipet.

Som kongeskip har Myklebustskipet vore eit maktsymbol og må ha vore rikt dekorert med utskjeringar. Hovud og hale til det nye skipet vart utskore av Mesterskjerar Rolf Taraldset frå Hornindal og montert på det ferdige skipet. Sagastad har eit mål om å utsmykke skipet vidare med utskjeringar både i stamnen og akter. Arbeidet vil være mogleg for publikum å følgje med på til gitte tider når det kjem i gang.

Skipet var ferdig bygt og sjøsett på fjorden våren 2019. Det er eit godt bruksskip med gode manøvreringseigenskapar, og ligg elegant på sjøen. Skipet er klargjort for å kunne montere mast og rigg, og det vert planlagt å rigge skipet med segl i framtida. Sagastad tek sikte på å sjøsette skipet ved spesielle høve, for roturar og med tida også seglturar på fjorden. Til dagleg ligg skipet trygt oppbevart som den viktigaste delen av utstillinga i Sagastad, og er utrusta med landgang for å ynskje våre gjestar velkommen om bord.

Myklebustskipet sjøsettes
Foto: Ruben Soltvedt
Myklebustskipet på sjøen
Foto: Ruben Soltvedt