fbpx

Korleis sjøsetje Myklebustskipet?

Myklebustskipet sjøsettes

Å få Myklebustskipet sjøsett på fjorden med jamne mellomrom har heile tida vore planen. Men store økonomiske utfordringar gjennom koronakrisa har vore som ei lenke om foten. Dei siste åra har handla om å halde hovudet over vatnet, sjølv om skipet ironisk nok har lagt trygt på land.

Gjennom enorm vilje og innsats i selskapet, investorar og alle som har trua på Sagastad er det no mogleg å iverksette planar for sjøsetjing. Dette skjer som del av eit prosjekt som omhandlar destinasjonsutvikling, med støtte frå Innovasjon Norge.

Vi opplev stor interesse for å få skipet på fjorden. Dette er eit utruleg sterkt produkt, og det har vore krevjande å stå utan midlar til gjennomføring av planane.

Sjøsetjing

Det er mange ting å tenkje på når ein planlegg sjøsetjing av Myklebustskipet. Her er det snakk om alt frå å lage sikringssystem til tonnasjeberekning, vedlikehald og klargjering av skipet for å ligge på sjøen, nødvendige godkjenningar frå sjøfartsdirektoratet og rein logistikk rundt korleis vi får skipet ut og inn i Sagastad. Vikingane hadde gode forsikringsvilkår for dei som støtta store skip på veg til fjorden. Det var livsfarleg å bli klemt fast under skipet dersom det velta, og om uhellet var ute skulle dei etterletne få god kompensasjon. Fram mot sjøsetjing arbeider vi for at det skal være så trygt og enkelt som mogleg, og ingen skal måtte frykte for liv og helse.

Grunnundersøkingar

Fase 1 av prosjektet var å undersøke tilhøva i fjorden utanfor senteret. På førehand visste vi at båtstøda som er støypt ut i fjorden er for kort, og at det er langgrunt vidare utover. Nordfjord Dykkerservice AS ved Per Kåre Navekvien tok oppgåva med å måle kor langt ut i fjorden vi må før skipet flyt. Resultatet vart ei anbefaling om å støype båtstøda ca 30 meter lenger enn det den er i dag. Dette vil være nok til å sjøsetje skipet når det er høgvatn, utan nødvendigvis full springflo. Sagastad har no fullført søknadsprosessen for å få godkjent forlenging av båtstøda, og planlegg å få arbeidet gjort ved lågaste lågvatn til våren.

Løysingsforslag

Vi har lenge snakka om å legge jernbaneskinner i golvet inne i senteret og heilt ut i sjøen til enden av slippen. Vogna skulle byggast om slik at skipet kunne stå fast på skinner og det skulle vere lite forarbeid for å køyre skipet ut. Dette har vist seg å vere for kostbart i denne omgang, men kanskje også unødvendig. Vi meiner at vi skal få til ei god løysing ved å bruke vogna vi har i dag. Det planleggast no å bruke vogna som den er, og å la den stå montert i senteret som ein del av utstillinga. Hjula kan skjulast av utstillingsstasjonar eller liknande. Eller dei kan vere synlege som ein del av forteljinga om at skipet absolutt er fullt sjødyktig. Vogna har bildekk som ikkje skal belastast med full vekt gjennom vinteren, dette løyser vi med justerlege støtter som skal bære vekta av skipet.

Når skipet sjøsettast fjernar vi støttene som er for utstillingsbruk og set på støtter på sjølve vogna som skal støtte skipet på veg ut. Skipet kan så skyvast ut, med presisjon i fokus når hovud og hale skal passere den tronge luka over portane mot sjøen. Ein har noko styringsmoglegheit på framakselen av vogna som ein justerer med stropper. Skipet kan anten setjast ut når det er fjøre og flø opp naturleg, eller ein kan sjøsette når det flør. Vel ein den siste varianten vil ein trenge hjelp av ein vinsj til å trekke skipet ut. Dette løysast eventuelt med ein vinsj på land med wire som førast til skipsvogna gjennom ein kasteblokk på enden av båtstøda.

Slik får ein skipet inn att

Etter tokt, festival, fullført filmoppdrag eller anna årsak til at skipet har kome på fjorden, skal det tilbake på sin plass i «verdens vakraste båtnaust». Då vert det viktig å få det i riktig posisjon på vogna, for så at det kjem på riktig posisjon inne i senteret. Dette er for at støttene skal komme på riktig stad, og landgangen som lar gjestar i senteret stige om bord i skipet skal passe. Inne i senteret er det montert ein vinsj som er til å trekke skipet inn i senteret.

Så ofte skal skipet sjøsetjast

Sagastad planlegg å sjøsetje skipet ein gong i året, på våren før turistsesongen byrjar. Dette er det mest fornuftige i høve aktivitet i senteret/sesong og vêrtilhøve. Men ein årsak til at det skal være enkelt å ta ut skipet er at det også skal være mogleg å få leige skipet på sjøen ved spesielle anledningar. Vi har alt hatt fleire store aktørar innan film og TV bransjen som har hatt ynskje om å leige skipet for filming. Dessverre har dette ikkje vorte gjennomført sidan det har vore for komplisert og kostbar å få skipet ut på kort varsel. Neste sjøsetjing vert truleg i 2024.

Om våren planlegg vi ein eigen festival rundt sjøsetjinga av skipet. Vi ynskjer oss marknad i parken med mat, musikk, handverk, foredrag, framvisingar, leikar med meir. Alt med vikingtida som tema!

Artikkelen oppdaterast. Endringar i planane kan skje. Følg gjerne oppdateringar på facebook eller instagram sida vår.

Del: