Historietimen – Slaga ved Solskjel

Historia om sjøslaga ved Solskjel og folket sin kamp mot okkupasjon og einevelde. Fortalt av forfattar av «Slagene ved Solskjel», Per Kristian Dahl.

Det at Harald Hårfagre makta å samle Noreg til eitt rike etter slaget i Hafrsfjord i år 872, blir ofte framheva med stoltheit. Men før denne hendinga fann det stad to viktige sjøslag som set Harald Hårfagre si bragd i perspektiv. Harald Hårfagre var alt anna enn fager. Den brutale sanninga er at rikssamlinga hans ikkje handla om å samle nordmenn, men om å innføre eit einekongedøme. Dei Harald Hårfagre sigra over, måtte ikkje berre rette seg etter eit diktatorisk styre, men vart òg utarma.

På same måten som motstandsheltane våre under den andre verdskrigen samla folk seg til kamp for å verne om verdiane i samtida. Ein av desse var kong Audbjørn av Fjordane, som deltok i det andre slaget ved Solskjel med Myklebustskipet.

Per Kristian Dahl har dokumentert fridomskampen mot Harald Hårfagre sitt regime i boka Slaga ved Solskjel. Kom og høyr historia om folket sin fridomskamp mot okkupasjon og diktatur.

Boka fins for sal på Sagastad

Praktisk info:

Del: