Søndag 23. august inviterer Sagastad til ei musikalsk oppleving utanom det vanlege. Når dei legendariske The Brazz Brothers entrer scena i det unike naustet, er det ikkje berre musikken som står i sentrum – men sjølve klangen i rommet.
Sagastad er kjend som formidlingssenteret for Myklebustskipet og den rike vikinghistoria på Nordfjordeid. Men bygget rommar også noko heilt spesielt: ein akustikk som gir konsertopplevingar med ein heilt eigen karakter. No ønskjer Sagastad å utforske nettopp dette – og inviterer publikum til ein kveld der musikk og rom smeltar saman.
Eit rom som spelar med
The Brazz Brothers har lang erfaring med å spele i alt frå konsertsalar og stadion til kyrkjer og katedralar. Nettopp derfor er dei ekstra begeistra for å vende tilbake til Sagastad.
– Vi er innstilte på å finne den beste måten å utnytte klangen i Sagastad på. Akustikken er spesiell, og her må ein spele på lag med rommet for å skape ei god oppleving – både for oss som musiserer og for publikum, seier Jan Magne Førde.
Ensemblet spelte i Sagastad under pandemien, og opplevinga gjorde inntrykk. Førde trekkjer spesielt fram framføringa av komposisjonen Domen, opphavleg skriven for Nidarosdomen:
– Klangeffekten var minst like god i Sagastad som i katedralen i Trondheim.
Brass, jazz og musikalsk energi
Gjennom 45 år har The Brazz Brothers etablert seg som ein institusjon i norsk musikkliv. Med over 5000 konsertar i 34 land har dei begeistra publikum over heile verda med sin unike kombinasjon av brassbandtradisjon, jazz, improvisasjon og norsk folkemusikk.
Ensemblet består av fem messingblåsarar og slagverk – ei musikalsk kraftpakke kjend for både virtuositet, humor og speleglede.
– Musikk skal vere glede – det skal vere kjekt både å spele og å lytte, seier Førde.
Denne kvelden får publikum oppleve eit repertoar spesielt eigna for store rom og rik etterklang, der messingklangen verkeleg får blomstre rundt vikingskipet i Sagastad.
Eit nært forhold til Nordfjord
For The Brazz Brothers er konserten også eit gjensyn med ein region dei har sterke band til. Ensemblet har gjennom mange år vore instruktørar på NMF sine musikkleirar ved Fjordane folkehøgskule, og fleire av musikarane har vore involverte i utviklinga av ungdomsprosjekt i området.
– Vi har mange musikkvener i Nordfjord. Det er alltid noko heilt spesielt å kome tilbake hit, fortel Førde.
Sikre deg billett
Dette blir ein heilt spesiell konsertkveld der publikum får oppleve korleis musikk, historie og arkitektur kan smelte saman til noko unikt.
Velkomen til ei stemningsfull oppleving i Sagastad søndag 23. august.
