fbpx

Vilkår og føresetnader

Føresetnader for bestilling av billettar og aktivitetar ved Sagastad og Bjørkedalen

 

Desse generelle vilkåra gjeld mellom Sagastad og personen (heretter kalla bestillar) som sjølv eller gjennom andre gjer ei bestilling på Sagastad bestillingsplattform.

Bestillars ansvar

Før ein gjennomfører ein endeleg bestilling, skal ein lese og gjere seg kjent med viktig informasjon/regler om det aktuelle produktet. Bestillar er ansvarleg for at kjøpet er i samhøve med eigne ynskjer og for at opplysningane i stadfestinga er i samsvar med disse. Sagastad tar ikkje ansvar for bestillingar som på grunn av tekniske problem ikkje er mottatt av Sagastad.

 

Bestilling og betaling

Alle bestillingar belastast med 100% ved bestilling og trekkast av bestiller sitt oppgitte betalingskort på bestillingstidspunktet.

Alle innbetalingar blir innsamla av Sagastad. Domenet kor du betalar og oppgjer dine kredittkortopplysningar eigast og driftast av Sagastad.

 

Etter korrekt gjennomført førehandsbetaling skal du få ei kvittering på din oppgitte e-postadresse med stadfesting/bestillingsnummer, med spesifisering av aktivitetane du har bestilt og betalt. Besttillinga er bindande så snart bestillar har betalt og motteke billett/stadfesting på e-post eller SMS. Bestillinga er ikkje gjennomført og ikkje gyldig i fylgjande tilfelle:

 

– Bestillar mottar ikkje e-post med kvittering eller stadfesting/bestillingsnummer og detaljinformasjon om det ein ynskte å bestille.
– Kortinnbetalinga avbrytast av ulike årsaker og innbetalinga mislykkast.
– Betalinga vert ikkje gjennomført fullstendig eller korrekt, og beløpet trekkast ikkje frå bestillars konto.

 

Bestillar må sørge for at ein kan nåast på den e-post adressa man har oppgitt ved registrering. Bestillar er ansvarleg for å ta vare på e-poststadfestinga og ha denne med i utskreve eller elektronisk form til Sagastad. Det er bestillar sitt ansvar å kontrollere at datoar og andre vesentrege tilhøve for bestillinga er korrekt.

 

Angrerett
Ved kjøp av billettar på nett er det ingen rett til avbestilling eller refusjon jfr Angrerettloven kap 6.
Aktivitetar med uavgrensa kapasitet kan ein etter avtale med Sagastad nytte andre datoar enn det som vart vald ved bestilling. Dette gjelder under forutsetning av at Sagastad er ope og prisen for vald ny dato er tilsvarande. Ved kjøp av aktivitetar med avgrensa kapasitet gjeld kjøpte billetter berre den datoen og det klokkeslettet som står på bestillinga, og refunderast ikkje.

 

Atterhald
Sagastad tar atterhald om eventuelle trykkfeil eller tekniske problem som kan oppstå.

Forsikring
Bestiller er ansvarleg for eigne, relevante forsikringar som gjelder reise og bestillartilhøve, irekna reise – og fritidsforsikring (inkl. avbestillingsforsikring) og reiseansvarsforsikring.

Force Majure
Sagastad er ikkje ansvarleg for utilfredsstillande vêrforhold, stengte fasiliteter eller andre tilhøve som ligg utanfor vår kontroll.

Personvern
Ved betaling samtykker bestiller i at personopplysningane behandlast av Sagastad. Dette er nødvendig for å kunne gjennomføre ordinær gjesteadministrasjon. Sagastad vil ikkje utlevere eller selje informasjon til tredjepart. Opplysningar bestiller har registrert på Sagastad si bestillingsplattform kan brukast til å informere om arrangement og tilbod som blir tilbudt på denne sida.

Del: