Det 30 meter lange Myklebustskipet er hovudattraksjonen i Sagastad, og besøkast kvart år av mange tusen turistar inne i senteret. Men Myklebustskipet er også eit sjødyktig vikingskip med 24 åre par som er sertifisert for 90 personar om bord. Planen er at det gedigne og vakre skipet skal på fjorden minst ein gong i året, etterkvart kanskje oftare. Siste veka i april er blinka ut for moglege test-turar i år.
Sagastad inviterer alle interesserte til informasjonsmøte, der ein kan verve seg for å verte med i rolaget. Møtet vert torsdag 11. januar kl 19.00 på Sagastad.
Myklebustskipet har vore på fjorden ein gong før i 2019.
Høvedsmannen vil ha ei eiga ansvarleg sjøsettingsgruppe og søkjer 12 gode hirdmenn. Til liks med kong Audbjørn må høvedsmannen til ei kvar tid ha tilgang til sjøsterkt og tøft mannskap som til skal kjenne alt om skipet og kunne ta aksjon for å ivareta skipet og mannskapet. Dei må vere klar til å gi alt saman med høvedsmannen i ein krisesituasjon.
Sagastad etablerer også Myklebust rolag og søker minst 100 energiske vikingar til teneste som mannskap. Kvinne eller mann, friller og vikingar, alle over 15 år kan melde seg.
Du må mellom anna forplikte deg til å ta eit kurs om tryggleiksstyringssystemet til skipet (ein aktuell kveld) og du får delta på øvingstokt i slutten av april 2024 for å lære å handtere draken.
Seinare vil vi ha årlege tokt der du får høve til å delta som hird eller trena mannskap, men då med turistar om bord.
Mannskapet til Myklebustskipet vil ha høg status i lokalsamfunnet, etterkvart bli uniformerte og vil ha tilgang til attraktive arrangement ved senteret.
Vi skal også ha ei ansvarleg vedlikehaldsgruppe og søkjer deg som kan bidra med smørjing av skipet, vedlikehald av utstyr, å sy vikingkle utover vinteren, eller om du vil vere med å skape aktivitetar rundt sjøsetjingsdagane.
Vi oppmodar dei som er interessert i å vere med på dette heilt spesielle og svært spennande lokale prosjektet!
Myklebustskipet på fjorden vil garantert setje Nordfjordeid og Stad på kartet. Bli med på å gjere historia levande att! Kanskje vert du med den historiske dagen Myklebustskipet opnar Stad skipstunell? Eller du kan få æra av å ro med kongelege eller andre celebre gjestar om bord? Moglegheitene er mange i rolaget til Noregs største vikingskip!