fbpx

Historietimen – Kongerekka

30. mai 2024 kjem Are Sende Osen til Sagastad og Nordfjordeid for å fortelle høgdepunkt frå podkastserien kongerekka som tar for seg ALLE dei norske kongane.

Kl 19.00 – Dørene opnar, barsal
Kl 20.00 – Historietimen begynner

Serien begynner med Harald Hårfagre, som samla heile Norge til eitt rike, på grunn av ei dame. Deretter går det- bokstavelig talt- slag i slag bortetter. 1200 år, 67 konger og 43 episoder seinere sluttar det med det kongehuset vi har i dag.

Kongerekka har vorte utruleg godt mottekje og har no over 5,5 millioner nedlastingar. Det har også vorte 3 bøker basert på serien som har fått gode anmeldelsar. Osen har holdt foredrag om kongerekka på bibliotek, kulturhus, skular, eldrehheimar, vikingfestivalar, middelalderfestivalar, kulturnetter, Stiklestad, Stortinget og slottet.

Are og Sagastad har forsøkt å få til et samarbeide i fleire år og endeleg lukkast vi! – Eg gleder meg som ein viking på sitt første vikingtokt! seier Osen i en kommentar.

Sidan vi bokstaveleg talt i aller høgaste grad er på historisk grunn vil det selvfølgelig verte ein del snakk om kongen av Fjordane: Audbjørn Frøybjørnsson som falt under det 2. slaget ved Solskjel ca år 860. Og vi kjem heller ikkje unda Myklebust-skipet som er det største vikingskipet ein har funnet spor etter i Noreg.

Det er vikinghistoria frå nabolaget, bokstavelig talt. Men heile distriktet er pakka fult av vikinghistorie. Are Sende Osen fortel uhøgtideleg, lett og underholdande, men det han seier stemmer. Kongerekka er vår game of thrones- frå røyndomen! For historia om de norske kongane har alt Game of Thrones har: Intrigar, sex, brodermord og store slag- berre ikkje riktig så mange dragar.

Kongerekka passar for deg som ikkje visste at du er interessert i historie, for deg som er det, og for alle som likar å høyre gode historier!

Osen har med nokre bøker i kofferten, så etter foredraget vert det boksalg og signering av bøkene som tar utgangspunkt i podkasten.

Del: