Denne historietimen vil handle om arkeologiske registreringar i Stad Kommune dei siste åra. Dette er funn som kan fortelje oss om menneska som levde her så langt tilbake som for 4000 år sidan!
Programm 15. februar;
Kl 17.00 Historietimen byrjar med foredrag
Kl 17.50 Pause med kaffiservering
Kl 18.10 Historietimen held fram
Kl 19.00 Arrangement slutt
Historia vert presentert av seksjon for kulturarv i Vestland Fylkeskommune, ved feltarkeologane Ragnhild Egeland Torp, Andrea Skrede, Lars Jølle Berge og Isabel Furesund Berge, samt sakshandsamar med ansvar for Stad Kommune Per Christian Burhol.
Dette er eit høgaktuelt tema, og det vil forteljast om mellom anna dei spektakulære funna på hotelltomta i Selje, som er kåra til årets arkeologiske funn i 2023 av arkeologar samla på årets arkeologkonferanse i Bergen i haust. Andre aktuelle funn er mellom anna gravfeltet på Berstad, jernalderfunna på Eide/Lesto, og nokre funn på Stårheim, Myklebust og Moldestad.
Vi er svært glade for at Vestland Fylkeskommune har tatt imot invitasjonen og prioriterer denne Historietimen på Sagastad.
Billett kr. 100,-
Billetten inkluderer kaffiservering med noko lite å bite i.