Rotur med Myklebustskipet

Gå om bord i eit ekte stykke levande historie og opplev krafta i verdas største vikingskip. På Myklebustskipet blir du ikkje passasjer, men ein del av mannskapet. Saman ror de i takt, slik vikingane ein gong gjorde, medan skipet glir gjennom vatnet på fjorden.

Myklebustskipet får vatn under kjølen berre ein gong i året. Denne gongen er det siste helga i april som er den utvalde. Skipet trekkast ut torsdag 23 april, og etter vel eit døgn med trutning er skipet klart for årets første tokt. Du kan no sikre deg ein plass i mannskapet som skal ro skipet laurdag 25 april.

Før ferda får du ei rotrening der du lærer teknikken og rytmen som trengst for å ro eit vikingskip. Rotreninga føregår i mindre vikingskip eller færingar. Undervegs vil erfarne mannskapsmedlem guide deg og sørgje for ei trygg og autentisk oppleving. Sjølve ferda varer om lag 1–1,5 time, og talet på plassar er avgrensa.

Dette er ei sjeldan moglegheit til å kjenne historia på kroppen.

Program

  • 09.00 – Oppmøte på Sagastad
  • 10.00 – Rotrening
  • 13.00 – Tur med Myklebustskipet (ca. 1–1,5 time)

Krav til deltakarar

Du må vere 16 år eller eldre og ha vanleg god helse. Du må vere fysisk i stand til å utføre nødvendige oppgåver, inkludert roing, og kunne ferdast trygt om bord utan behov for særskild tilrettelegging.

Du må ha gode engelskkunnskapar for å kunne kommunisere godt og forstå tryggleiksinstruksjonane.

Før avreise må du setje deg inn i all tryggleiksinformasjon om skipet. Dette vil du få tilsendt etter påmelding.

Du må òg gjennomføre eit ro-kurs med eit mindre fartøy på området. Dette er inkludert i billetten.

Som gjesteroar får du tildelt ein medlem av mannskapet som har ansvar for deg gjennom heile ferda. Dersom du blir sliten eller treng ein pause, vil vedkomande ta over åra di.

Klesdrakt:

Alle om bord skal vere kledde som vikingar. Vi har ulltunikaer på staden som du kan låne gratis. Du er òg velkomen til å ta med eigne klede. Ta med bukse og sko i naturfargar. Vêret kan skifte raskt, så sørg for å ha varme underklede, hanskar og lue tilgjengeleg ved behov.

Tilbehøyr:

Solbriller, klokker og smykke i moderne design er ikkje tillate. Mobiltelefon kan brukast i utvalde delar av ferda. Du vil få gode høve til å filme og ta bilete i desse periodane.

Ved å delta samtykkjer du til å bli filma og fotografert under ferda. Alle deltakarar er forsikra medan dei er om bord. Ordinær reiseforsikring utover turen med Myklebustskipet er du sjølv ansvarleg for. 

Del: