Historietimen- Myklebustskipet med Morten Ramstad

I 2024 vart gravhaugen til Myklebustskipet opna på nytt, 150 år etter den vart opna for første gong. Her fann Morten Ramstad og teamet hans skjulte skattar både frå Kong Audbjørns tid og ei helsing frå ein tidlegare kollega.

 Bli med når Ramstad fortel om funna frå denne gravhaugen frå ein arkeologs perspektiv. Korleis er det eigentleg å opne ein haug på nytt etter 150 år med utvikling innan arkeologien? Kor mykje nytt kan ein finne ut? Ein heil del skal det vise seg, og kanskje er ikkje alt slik vi har trudd fram til no.

Ramstad er arkeolog og seksjonssjef for forminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen og leia utgravinga som vart utvald til årets arkeologiske funn i 2024. Utgravinga vart gjort på oppdrag frå Riksantikvaren for å betre dokumentere haugen og funna fram mot ein tentativ søknad om UNESCO verdsstauts. Ramstad har lang erfaring med arkeologisk forsking og utgravingar i Vestland. Han har mellom anna jobba med jordbruksbusetnadens utvikling og bruken av utmark i jernalder og vikingtid.

Set av denne stunda for å bli betre kjend med historia som skjuler seg midt i sentrum av Nordfjordeid.

Dato; 26. april 2026
Klokkeslett; 15.00
Lengde; 45 minutt + spørsmål
Stad; Sagastad, Sjøgata 41, Nordfjordeid
Billett kr. 150,-

Del: