Museumsbutikken
Eit minne, ei gåve, eller berre eit flott produkt til pynt eller bruk. Museumsbutikken på Sagastad har noko for ein kvar smak, og er under stadig utvikling.
Butikken har hovudfokus på vikingtema og Sagastad sine eigne produkt, men har også handlaga lokale produkt, utsøkte smykke, interessante bøker og dei typiske suvenirane.

Nokon av våre favorittar
- Hnefatafl og Ragnarok vikingspel
- Vikingsverd og hjelm til borna
- Skipskiste bygd av båtbyggar Jakob Helset, som og har laga alle kistene til Myklebustskipet.
- Dei flotte Sagastad Vikingsmykkene
- Bøker om vikingtida og spesielt barneboka om kong Audbjørn og Lurken
- T-skjorte med Myklebustskipet
- Drikkehorn og treskjærte figurar
- Skjerefjøl laga av furuavkapp frå bordgangane på skipet.
- Runesmykke i bein er ein av våre bestselgarar!
- Sagastad telysholdar med Myklebustskipet på.