Konsert med Eid Mannskor

Dato: 20/11/2026

Kjøp billett her!

Når haustmørket senkar seg, inviterer Eid Mannskor og Sunniva Honningsvåg til ei stemningsfull musikalsk oppleving i Sagastad!

For fjerde gong fyller Eid Mannskor Sagastad med song, og no kan vi vel trygt kalle haustkonserten ein tradisjon!

Eid Mannskor har lagt sin elsk på den storslåtte akustikken i Sagastad, og har øvd inn eit variert repertoar som verkeleg kjem til sin rett i dette vakre rommet. Publikum kan glede seg til både mektig korsong, vakre tonar og musikalsk variasjon med koret, Sunniva og dirigent Øyvind Lied. Og sidan desember nærmar seg, blir det også plass til nokre kjende og kjære julesongar.
 
Sunniva Honningsvåg kjem frå Nordfjordeid og tok bachelorgraden sin i musikalteater i Brighton, England. Allereie som smårolling visste Sunniva at alt ho ville, var å stå på ei scene. På barneskulen ved Stårheim skule fekk ho endeleg den draumen oppfylt då ho fekk spele Annie i juleproduksjonen i femteklasse.
 
Ho har vore aktiv i lokalmiljøet sidan ho var lita, og debuterte på scena i Operahuset som vesle Mikaela i Opera Nordfjord si oppsetjing av Carmen som 11-åring i 2009. Som ung vaksen storkoste Sunniva seg i fleire skulemusikalar ved vidaregåande skule, og fekk spele på ulike scener rundt om i Noreg – deriblant Oslo Spektrum – med bandet Indigo Child.
 
Etter utdanninga har ho returnert til Opera Nordfjord; først i 2021 som ein del av ensemblet i noregspremieren på Jorda rundt på 80 dagar, i 2023 og 2025 i ensemblet og som Odditoriumets Unzi i utvandrarmusikalen Soga om Sol, og i 2025 som Mrs. Wormwood i familiemusikalen Matilda.
 
Sunniva er no busett i Oslo, og har den same draumen som ho hadde som smårolling, berre 25 år seinare – og kanskje ein smule meir moden: Ho vil stå på ei scene.
Sunniva har aldri heilt klart å setje seg sjølv i ein bås, korkje musikalsk eller som menneske. Likevel er det gjerne det lyriske og det sarte som grip henne aller mest.
 
Kveldens konsert blir difor ei skattekiste av låtar som treff hjerterota hennar, og ho gler seg så ufatteleg mykje til å få dele scena med mannskoret.
 

Ta med deg familie og vener, senk skuldrane og nyt ei musikalsk stund i dei heilt spesielle omgjevnadane på Sagastad.

Vi ønskjer velkomen til ein kveld fylt med song, klang og god stemning!

Sikre deg billett og bli med på ein flott musikalsk tradisjon!

Del: