fbpx

Nydekorert drakehovud og hale

Søndag 18 desember 2022 vart det ferdige hovudet og halen til Myklebustskipet endeleg avduka! Dei fekk att sine respektive plassar på skipet etter nesten eit år med utsmykking.

Draken er utskore av treskjærarmeister Rolf Taraldset frå Hornindal. Det originale Myklebustskipet var brent i grava, og det er difor umogleg å vite korleis det har vore utsmykka, men det er all grunn til å tru at det har vore rikt dekorert då det har vore eit enormt statussymbol for kongen eller høvdingen.

Dei nye utskjæringane er eit produkt inspirert av 800-900-talets stilartar og Taraldset sin eigen fantasi. Sagastad ynskte unik dekor for Myklebustskipet, det hadde vorte feil med ein kopi frå noko ein har funne ein annan stad. Ein kan kanskje seie at ein har skapt ein ny Myklebuststil, Myklebuststilen 2.0 om du vil, snart 1200 år etter den første.

Nyt dei vakre bileta frå arbetet og dei ferdige produkta under, og sjå dei live på Sagastad! Alle foto; Øysten Torheim/Frequency

Del: