Ulf Rugumayo Amundsen
Ta med heile familien på dagstur til Nordfjordeid - lett og billig!

Visste du at ei av dei mest imponerande vikingopplevingane i landet ligg berre ein kort biltur unna? SagastadNordfjordeid er eit moderne kunnskapssenter bygd på historia om kongen av Fjordane, kong Audbjørn og skipet hans. Myklebustskipet er det største vikingskipet som nokon gong er funne spor av i Noreg.

Saman med sunnmørskongen Arnvid og Solve Klove, son til kongen på Nordmøre, kjempa dei tappert om makta på nordvestlandet. Dei tapte likevel slaget mot Harald Hårfagre og hans menn

Opplev historia gjennom ei spennande utstilling med kino, VR og interaktive installasjonar. Bare ein kort biltur frå Sunnmøre!

Noko for heile familien

På Sagastad kan du mellom anna:

  • Gå om bord i Myklebustskipet
  • Sett på VR-brillene og utforsk korleis Nordfjordeid kan ha sett ut på vikingtida
  • Ikle deg vikingkle og ta bilete i skipet
  • Få eit innblikk i vikinghistoria; korleis levde dei, kledde seg, og kva dei trudde på
  • Sjå «A viking burial» på 20 minutt i kinorommet 
  • Test deg sjølv medan du lærer om vikingane sine reiser på den enorme interaktive quizskjermen vår
  • Lær Hnefatafl (Vikingsjakk)
  • Fargelegging for born
  • Høyr kva historikarar og arkeologar seier om funna på Nordfjordeid
  • Studer funn i 3D på touch skjermar
  • Sjå korleis Myklebustskipet vart til og korleis det vart sjøsett
  • Bli kjent med Kong Audbjørn av Fjordane
  • Lær om mystiske ritual og mytologi
  • Besøk vikingbutikken vår for unike gåver til store og små
Det er populært med bilete i baugen av skipet

Lett tilgjengeleg og full av innhald

  • Ope kvar dag 09:00 – 16:00 heile sesongen 
  • Vaksne: 235 kr
  • Pensjonistar: 205 kr
  • Born under 6 år: Gratis
  • Familiebillett og grupperabattar tilgjengeleg

Du treng ikkje reise langt eller bruke mykje pengar for å få ei stor oppleving. Sagastad er lokal kultur på sitt beste – lett tilgjengeleg og full av innhald.

Utstillinga

🎟️ Klar for å oppleve historia?

Ta turen til Sagastad – ei stor oppleving, berre ein liten tur unna.

👉 Les meir og kjøp billettar