Om Sagastad

Sagastad er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritual, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.

Nordfjordeid har i vikingtida vore ein sentral stad, og høvdingsete for Firdafylket. Her fann ein ei av landets rikaste, største og mest spektakulære vikinggraver med brende restar etter det enorme Myklebustskipet. Levningar etter ein høvding eller konge saman med hans rikdomar fortel ei spennande historie som ein kan knytte direkte til ein namngitt person frå sogene. Det er i tillegg fleire andre rike graver frå vikingtida på Nordfjordeid, som stadfestar staden si sentrale rolle på denne tida. Desse unike funna dannar grunnlaget for forteljinga du kan oppleve på Sagastad.

Sagastad er eit kunnskapssenter av nasjonalt format. Senteret er forankra i forsking i samarbeid med Universitetet i Bergen og Middelalderklynga. Den mest sentrale delen av  senteret er det spektakulære Myklebustskipet. Skipet ligg midt i senteret, omringa av interaktive utstillingar som hovudsakleg er knytte til skipet og dei andre gravfunna på Nordfjordeid. 

Senteret opna 10 mai 2019 og skal ha heilårsdrift med moglegheiter for selskap, konsertar, foredrag og andre arrangement. Sagastad vil utvikle utstillinga ved å komme med nye eller bytte utstillingsinstallasjonar med jamne mellomrom.

Arkitektur
Planløysinga i bygget er basert på eittromsprinsippet, der det sirkulære rommet har same diameter som den sirkelforma grava frå vikingtida. Rommet gir den besøkande høve til å sjå skipet  frå ulike hald, samstundes er dette eit generelt rom med gode soner for utstillingar så vel som områder for båtbygging, handverk, musikk, dans og sosialt samver.

For å oppnå eit organisk uttrykk i kombinasjon med den universelle sirkelen er mønet asymmetrisk plassert og dei to takskivene har ulikt takfall. Av same grunn er skipet noko rotert og dynamisk plassert i høve bygget.

Fasadane er laga av glas med utanpåliggande spilevegg. Taket er tekka med trekledning, medan himlinga er utført i blanke aluminiumsplater. Alt treet både ute og inne er svartbeisa og gir assosiasjonar til den brente båten. I vestenden er det ein port med slipp slik at båten kan sjøsettast ved høve.

Arkitekt; Arild Wåge, Nordplan
Byggherre; Eid Industrihus KF
Ferdigstilt; 2019