fbpx

I spora til Vikingane

Rike arkeologiske funn syner at Stad var ein viktig region i vikingtida. Dette ser vi spor etter den dag i dag med 1200 år gamle landemerke, minnesmerke og i stadnamn.

Gravhaugane på Nordfjordeid

Funna i gravhaugane på Nordfjordeid er av dei rikaste funna frå vikingtid i landet. Gravgodset viser at det har vore høvdingsete her, og nokon av funna kan truleg knytast direkte til delar av soga om Harald Hårfagre. To av dei fem gravhaugane ligg framleis synleg i sentrum av Nordfjordeid. Du kan oppleve historia som haugane fortel i kunnskapssenteret Sagastad. Høgdepunktet er det 30 meter lange Myklebustskipet som er gjenbygt etter mål på dei brende restane i grava.

Dragseidet og Olavskrossen

Dragseidet på Stadhalvøya har vikinghistorie både i namnet og fysisk til stades. Namnet kjem av at vikingane gjerne drog skipa sine over land for å sleppe å segle rundt den verutsette Stadhalvøya. På eidet finn du minnesmerket, Olavskrossen, som vart rist til minne om at Olav Trygvason kristna fire fylker her i år 997. Dragseidspelet har fleire gongar vore satt opp av Leikanger ungdomslag på staden der Trygvason møtte til ting for å kristne vikingane.

Selja

Historia på Selja handlar om den kristne helgenen St. Sunniva, og klosteret som vart bygd på øya til ære for henne. Men vikingane var sterkt innblanda i historia. Sunniva var ei Irsk prinsesse som på 960 talet flykta frå ein vill viking som ville ha henne som kone. Saman med fleire av folket sitt overlet ho lagnaden sin til Gud ved å la seg drive av stad på havet utan segl eller årar. Dei dreiv til slutt i land på øya Selja, og levde der i grotter. Vikingar kom etter ei tid til øya med beskyldningar om tyveri av beitande sauer på øya. Sunniva gøymde seg i ei grotte og bad Gud om at Vikingane ikkje skulle få henne. Då gjekk det eit ras som tok livet hennar, men også hindra vikingane i å få henne.

Foto: Selja kloster

Det skal 36 år seinare ha vore Olav Trygvason og biskopen som fann levningane etter henne og. Då var kroppen til Sunniva framleis heil og uskadd, som om ho berre sov. Sunniva vart lyst til helgen på staden og vart den fyrste helgenen i Noreg. Les heile soga om Sunniva her. Du kan besøke Selja med båt og sjå både klosterruinar og grotta der Sunniva døydde martyrdød. Denne ubebudde øya utan straum og andre moderne fasilitetar byr også på ein fantastisk urørt natur.

Bjørkedalen

Båtbyggjardalen Bjørkedal ligg nokre minutt utanfor Stad kommune, men har likevel ein viktig plass i denne artikkelen. Her har ein bygt trebåtar i minst 1000år og truleg også tilbake til før vikingtida. På det meste hadde kvar gard i Bjørkedalen eige båtbyggjeri. Bakgrunnen for at det vart bygd båtar her så langt frå fjorden kjem av den gode materialtilgangen i skogen i dalen. Det byggast framleis vikingskip og andre trebåtar i Bjørkedalen, og Bjørkedølene hadde sitt største oppdrag i 2016-2019 då dei gjenbygde det 30 meter lange Myklebustskipet på oppdrag frå Sagastad. Du kan sjå NRK sin dokumentar bygginga av dette fantastiske skipet her.

Ask og Birk på Bjørkedalsvatnet

Del: