fbpx

Historietimen – Vikingane si julefeiring

I moderne tid er julefeiringa ei feiring av Kristus, men kva feira vikingane i heidensk tid når dei feira jól? Professor Anne Irene Riisøy fortel om vikingane si julefeiring, med deira tradisjonar, ritual, lover og tru.

Namnet jul kjem frå det norrøne jól, men har nokon av dei heidenske tradisjonane vorte med over i den kristne julefeiringa? Kva meinte vikingane med å drikke jul med leik? Og fortel sogene noko om julefeiringane her i det gamle Firdafylket?

Få svar på desse spørsmåla og mange fleire i Historietimen på Sagastad.
Fredag 1. desember kl. 18.00. Vi byr også på smaksprøver som vil ta deg med inn i vikingane si jólefeiring!

Professor Anne Irene Riisøy har doktorgrad i historie, med særleg interesse for vikingtid og middel alder. Ho kjem opphaveleg frå Måløy, men underviser no ved universitetet i Sørøst-Norge. Anne Irene brenn for å løfte fram den rike historia frå området vårt, og vi er svært heldige som har henne med på laget. Ikkje berre som den fyrste føredragshaldaren i Historietimen, men også som nytt styremedlem i Stiftinga Sagastad.

Del: