Omvisning

Ynskjer du ei levande forteljing i tillegg til å utforske på eiga hand? Sagastad tilbyr omvising ved ein av våre Sagavertar.

Sagavert
Foto: Ulf rugumayo Amundsen

Ei omvisning vil bestå av forteljinga om soga, utgravingar og mytologi samt Sagastad si forteljing om korleis senteret og Myklebustskipet vart til. Omvisinga kan ved ynskje ende eller begynne i kinoen for å sjå «Det brende skipet». Set av om lag 30-40 min til ei omvisning, og 20 minutt til å sjå film.

Omvisning må bestillast på førehand slik at vi kan planlegge nok bemanning. 

Bestill omvisning på Sagastad på e-post post@sagastad.no

Ynskjer du å gå på gravhaugen og møte dyra på Myklebustgarden kan du også bestille omvisning til dette på e-post post@myklebustgard.no