Om Myklebustskipet

Dei store norske skipsgravene frå vikingtida er unike i verdssamanheng.

Myklebustskipet frå Nordfjordeid på Vestlandet er kanskje det største vikingskipet som er funne spor av i Noreg, med ei estimert lengd på over 30 meter.

Myklebustskipet vart greve ut av «Rundehåjen» på garden Myklebust på Nordfjordeid i 1874, fleire år før Gokstad (1880) og Oseberg (1904). Myklebustskipet skil seg frå Oseberg- og Gokstadskipet ved at det vart brent ved gravferda. Skikken med å brenne skipet ved gravferda var typisk for Vestlandet på 700- og 800-talet. Myklebustskipet er både den siste og den største branngrava vi kjenner frå vikingtida.

Dimensjonane på Myklebustskipet kjenner vi mellom anna gjennom askelaget som vart funne i gravhaugen, som er 30 meter i tverrmål og fire meter høg, med ei brei vollgrav rundt (vollgrava vart gjenfylt på 1800-talet).

Det er grunn til å tru at det er Kong Audbjørn av Fjordane som ligg gravlagd i Myklebustskipet. Han er omtala i sagaen, og fall i slaget ved Solskjel på Nordmøre i år 876. Det passar godt med dateringa av funna i gravhaugen.

Røynde båtbyggjarar frå Bjørkedalen i Volda starta hausten 2016 å byggje det  nye Myklebustskipet slik vi trur skipet kunne sett ut. Bygginga skjer i ein hall ved fjorden på Nordfjordeid – rett ved der Sagastad skal stå ferdig i 2019, og ca 300 meter frå der skipet vart funne. Hallen vil bli opna for publikum på faste tidspunkt i byggjeperioden, slik at ein kan sjå skipet bli til.

Når Myklebustskipet vert sjøsett i 2019, kan vi som dei fyrste sidan Kong Audbjørn og hans menn for 1.150 år sidan, oppleve å segle på Nordfjorden i Noregs mektigaste vikingskip.

Funna og vikinghistoria

Rundehåjen, der Myklebustskipet vart funne, er berre éin av mange gravhaugar funne på garden Myklebust på Nordfjordeid. Fleire av haugane finst enno, og utgjer samla nokre av dei mest spektakulære funna frå vikingtida i Noreg.

I Rundehåjen er det funne båtnaglar og skjoldbuler, saman med våpen, dyrebein og beinrestar av ein mannsperson på anslagsvis 30-35 år. Det vart også funne eit emaljert bronsekar av irsk opphav, pryda med mannsfigurar. Ein av desse er blitt kjend som «Myklebustmannen». Gravhaugen er frå andre halvdel av 800-talet

Rett ved ligg gravhaugen Skjoratippen, som er heilt spesiell både i norsk og internasjonal samanheng. Her er det funne minst seks ulike graver og fleire båtar. Funna spenner over ein periode på over 200 år, frå 700- til 900-talet. Ei slik «dynasti-grav» er svært spesielt, og syner at Myklebust var ein svært rik gard over ein lang periode og ein sannsynleg kongsgard for det Snorre omtalar som «Kongen av Fjordane».

Det er gjort svært rike funn frå jarnalderen og mellomalderen i heile Nordfjord, spesielt i dei indre bygdene (Stryn og Gloppen).

Sagastad vil presentere heilskapen i desse funna, og kva dei fortel oss om folka som levde her då Myklebustskipet segla på fjordane. Vi vil også dra trådane vidare i historia til kristninga av Noreg, og korleis øya Selja lengst vest i Nordfjord vart hovudsete for kristendommen på Vestlandet med kloster og bispesete i hundreåra etter at Myklebustskipet vart tatt av flammane.

Kontakt
Telefon: 578 62 200
E-mail: post@sagastad.no

Adresse
Stiftinga Sagastad
Sjøgata, 6770 Nordfjordeid
Org. nr: 916 82 9515

Kontortid: 10 - 15

© Kopirett Sagastad. Design/Utvikling: TBS / SteinArt

Pin It on Pinterest

Share This