VIP Arrangement og utleige

Sagastad tilbyr svært fleksible ordningar for deg som vil ha noko ekstra spesielt hjå oss. Vi kan legge til rette for bryllup, jubileumsfeiringar, konferanser og det meste anna du kan tenkte deg. 

Vi har topp moderne fasiliteter, med strøm uttak i amfiet, fiber nett med støtte til opp til 350 brukarar, kino, og ikkje minst Myklebustskipet, den mest eksklusive arrangement arenaen du kan tenke deg. 

For servering kan vi ordne det du vil, alt frå buffét, og koldtbord til ein storslagen tre retters middag i ekte viking stil. 

Vi har fleire gode lokale samarbeidspartnarar for catering og overnatting.

Ta kontakt med oss på booking@sagastad.no for å få eit tilbod!

Få en unik og magisk oppleving. Rammene i Sagastad gir uforglemmelige minner

Explore the

Lokaler

Sagastad bygget ligg sentralt i Eid sentrum, med kort gå avstand til overnattingsstadar, butikkar og gravhaugane på Myklebustgarden. Våre lokaler har gratis parkering rett utanfor bygget, og det er også meir kapasitet for parkering ved AMFI Nordfjord, med tilgang på hurtigladestasjon.

For deg som har bryllup er det kort veg frå kyrkja, og Operahuset, og for borna er Sagaparken perfekt for bading og andre aktivitetar. 

Sagastad er universelt utforma, med rullestol tilgong i heile bygget, med unntak av Myklebustskipet. Det er unisex toalett, og handicap toalett. WIFI er tilgjengelig i heile bygget, gratis for alle besøkende. 

Amfiet

Sagastad har eit Amfi med total kapasitet på 50stk. Kapasiteten kan utvidast med stolar og bord etter behov. Amfiet nyttast også som trapp for ombordstigning til Myklebustskipet, og har rampe til rullestol.

Amfiet er perfekt for presentasjoner for større grupper, og kan også brukast til f.eks. konsert. Kvar benk har 2 ladepunkt, samt ethernet og USB lading til telefonar og PC. 

Vi har tilgjengelig lerret og projektor, samt piano.

Myklebustskipet

Myklebustskipet er utan tvil eit av dei meste ekslusive arenaene for arrangement du kan tenke deg. Her kan du ha bryllaupsmiddag, julebord konfirmasjon eller andre høytidlege samankomster. 

Skipet kan også nyttast til konsert arena, den unike akustikken i Sagastad gjev eit lydbilete liknande ein katedral. 

For langbord med servering er det total kapasitet på 40stk. Total kapasitet for ordinær omvising er ca 60stk.

For deg som vil ha noko ekstra spesielt er det også mogleg å ha skipet ut på sjøen, men dette krev booking minst 6 månadar før arrangementet.  Les meir om Myklebustskipet her.

SagaCafe

Sagastad har eigen Cafe nær vår suvenirbutikk. Vi har kapasitet til opp til 60stk, med fleksible design, perfekt for gruppe arbeid, samtalar eller bufeet. Det går også an å kombinere som til dømes lounge under møter.

Her har vi også løysingar for projektor og lerret for presentasjoner. 

For konserter der Myklebustskipet er nytta som scene kan cafeen nyttast til publikum, då vil vi kunne utnytte arealet i utstillinga vidare med kapasitet opp til 150stk. 

Kinoen

Sagastad har tilgjengelig kino som til dagleg vert nytta til framsyning av filmen «Det Brente Skipet» denne kan brukast til framsyning av presentasjonar i mindre grupper opp til 30stk, og er meir isolert frå resten av utstillinga. Perfekt til parallell sesjoner for konferanser eller framsyning av private filmar / presentasjonar. 

Teknisk oversikt

Ta kontakt med oss på booking@sagastad.no om du treng meir informasjon.