Vil du oppleve korleis det var å ro dei store vikingskipa som ein kan lese om i Sagaene? Då kan draumen din verte virkeleg om få veker. Siste helga i april set vi det mektige Myklebustskipet på fjorden, og det er no mogleg å sikre seg gåvepakka som gir deg plass i mannskapet til den aller fyrste roturen. Dersom du ynskjer å ta del i denne historiske hendinga, og samtidig støtte Stiftinga Sagastad kan du fylle ut denne kontrakta og sende til aurora@sagastad.no
Gåvebeviset inkluderer;
-Gåvebevis på utrustning av Myklebustskipet; skjold, åre, kiste og nagle.
-Roplass om bord i Myklebustskipet ved fyrste offisielle rotur den 28. April 2019*
*Avheng av godt ver.
Har du tidlegare støtta bygginga med skjold, kiste, åre eller nagle kan du fylle opp pakka med den utrustinga du manglar. Oppgi kva du allereie har samt nummeret på utrustinga ved bestilling.