Sagastad inviterer til konsert med Giske Blandakor!
Konserten er gratis for alle ordinære besøkende med gyldig inngangs billett på senteret 28.03.2020.
«Leikaren» er den største satsinga til koret. Det er eit musikk- og syngespel til tekstar frå norrøn poesi. Håvard Sveås sin musikk gir dei utvalgte tekstane frå eddadikta Voluspå og Håvamål ei vakker tonedrakt. I norrøn tid, ca. 700 -1350, budde det fleire mektige ætter på øyane i Giske kommune. Ættene hadde stor innverknad på lokalsamfunna sine, og vidare norgeshistoria. Tekstane som er valgt ut er henta frå tekstsamlinga Codex Regius (den kongelege boken) av den eldre Edda frå omkring 1270. Codex Regius er skrive på Island i andre halvpart av 1200-talet. Før dikta vart nedskrivne levde dei gjennom munntlege overleveringar.
Velkommen til ei sjelden konsertoppleving – eit musikk- og syngespel rotfesta i norrøn mytologi!