Sagastad har gleda av å invitere til marknads og kulturdag på senteret Laurdag 9. November, fortel dagleg leiar Solveig Midtbø.
Senteret held opent frå 10:00 til 16:00, med julemarknad i senteret, her kan du utforske ein rekke lokale varer. Du vil møte lokale handverkarar og sal av handarbeid, matvarer frå lokale produsentar og sal av handverk. Alt frå bøker, keramikk og maleri til frukt og kjøtt, her blir det noko for alle.
For den som ikkje har sett dokumentarfilmen Vikingarven, eller vil sjå den fleire gongar, så kan Saga-vert Jacob Bredesen, invitere til visning i kinorommet kl. 10:30. Vikingarven handlar om historia om båtbyggerane i Bjørkedalen og bygginga av Myklebustskipet.
kl.13:00 vert det harpekonsert med Stella Birthe Poland kjent frå blant anna Norske Talenter. Dette vert ein fryd for alle sansar med den unike akustikken Sagastad tilbyr, fortel Midtbø. Rett etter harpekonserten vert det kl. 15:00 kunsternisk framføring av dikt med Irene Wedvik.
Sagastad vil denne dagen ha kultur og tradisjonar som tema, seier sal- og marknadsansvarleg Aurora Leivdal.
Det blir sal av julegraut og saft frå kl. 12:00, og i sagabutikken finn du kanskje julegåva du er på utkikk etter, framhevar Jacob Bredesen
Born under 15år går gratis inn i senteret denne dagen i følgje med ein vaksen.
Sefar – strikk
Inga Bodil Sønderland – Maleri og keramikk
Trygve Espe – Nordfjordlefse
Irene Wedvik – Akvarell og bøker
Rønnaug Berge Leite – JUV saft, sylte og hermetiske bringebær
Inger Falkevik – Nordfjordull strikk med ull frå eigne sauder
Humborstad Kjøtt
Rolf Taraldset – treskjærte bokmerke
Stig Bergmann – Handlaga knivar og anna handtverk
Lagerutsalget og Inger Lise Nordnes – ulike lokale produkt, strikka, tova med meir.
Stiftinga Sagastad – Loddsal adventskalender med meir
Sagastad – tre ditt eige vikingsmykke, sal av vår eigen dropskolleksjon med meir.