Utstillingskonseptet

Utstillinga i Sagastad har som mål å setje spor og skape undring. Senteret fokuserer på erfaringslæring ved å bruke ei blanding av tekst og bilde, lyd og audio/ visuelle installasjonar for å fortelje historia om Myklebust-skipet, Nordfjordeid og regionen.

Innhaldet i utstillinga er forankra i forsking gjennom samarbeid med Universitetet i Bergen som sikrar at all kunnskap som formidlast i senteret er korrekt.

Utstillingane er tilpassa ulike besøkstypar og har eit variert innhald. Det er mogleg å oppleve høgdepunkta på kort tid, mens for den meir utforskande gjesten er det mulig å dykke djupare ned i ulike tema. Interaktive modular inviterer til ein aktiv læringsoppleving og oppmuntrar alle aldersgrupper til å utforske forteljingane i senteret.

Varierte formidlingstilbod gjev både sanselige, utfordrande og spektakulære opplevingar som skapar begeistring og engasjement, både for den travle og den utforskande gjesten.

Foto: Fotografen Eide

Foto: Fotografen Eide

Ei forteljing i tre delar

Forteljinga i Sagastad er delt inn i tre delar som til slutt dannar ei kunnskapsreise.

Nordfjordeid i vikingtida

Ei forteljing om kvardagslivet i samfunnet rundt Nordfjorden i vikingtida som bind saman kunnskap om kultur og daglegliv, spørsmålet om kven som kan ha vore begrava i Myklebustskipet, historia om den siste reisa til skipet og høvdingen sin død.

Myklebustfunna

Ei forteljing om “den siste reisa” som bind saman kongen sin død og gravferda ved Myklebust ved Vikingane sin forestillingsverden, gudeverden og kosmologi. Ei forteljing om kulturen i området og store “samfunnsreiser” som viser livet etter høvdingsamfunnet.

Myklebustskipet

Ei forteljing om skipet og “reiser ut i verden” som dreg fram handtverkstradisjonar med båtbygging og utsmykking, handel og plyndring, og reisene i Østerled, Vesterled og koloniseringa av Nord-Atlanteren. Ei Forteljing om spora etter store reiser og korleis vi fortolkar og forstår dei i vår tid.
Rull til toppen