fbpx

Treskjærarmester Rolf Taraldset til Sagastad

Lær om treskjæring frå ein treskjærarmester i verdsklasse! Rolf Taraldset har mellom anna skore hovud og hale til Myklebustskipet og er ein kunstnar i ei klasse for seg. Laurdag 19. september er han til stades på Sagastad og viser fram treskjærarkunsten for alle besøkande mellom kl 11 og 15. Han har med seg sitt siste verk, ein fantastisk flott portal, samt emne slik at du som gjest kan få prøve treskjæring sjølv. Folk reiser heilt frå USA for å lære treskjæring av Rolf, og hans formidlingsevne og kunnskap bør opplevast!

Les meir om Rolf og sjå arbeida hans på treskjering.no

Del: