Sommaren 2022 er det duka for tidenes første NordfjordKammer, ein kammermusikkfestival. Allereie i sommar kan du få ein smakebit på neste års festival. Årets konsert spelast på Sagastad onsdag 30. juni kl 19.00.
Filonistane Miriam Bergset og Madelene Berg har lenge drøymt om å «kome heim» og få introdusere Nordfjordpublikumet for god kammermusikk og samtidig få vise fram fantastiske Nordfjord for gode kollegaer. Dei har også sterke kjensler for det lokalsamfunnet som har støtta dei opp gjennom heile oppveksten og heia på deira musikalske utvikling.
NordfjordKammer som skulle starte i 2021 er utsett til sommaren 2022, men alt no 30. juni, byr dei på ein teaserkonsert med smakebitar framført på Sagastad. Dette skal vere ein forsmak på det publikum har i vente neste år. Det blir ein konsert med deilig musikk av komponistar som Dvorak, Schumann, Shostakovich og Tsjaikovskij. Eidajentene har med seg bratsjist Marthe Husum, cellist Frida Skaftun og pianist Julie Ye – eit stjernelag ifølgje festivalsjefane.
NordfjordKammer er klar til å ta imot publikum 30. juni kl. 19.00. Billettar er lagt ut på Ticketco.no.
Dei lovar ei sommarleg kammermusikalsk feststund på Sagastad for eit konserthungrig Nordfjordpublikum.