Smittevernstiltak i Sagastad

Sagastad har iverksett smittevernstiltak i senteret for å så langt som mogleg unngå å bidra til smitte av Koronaviruset (covid-19).

Tiltaka som er iverksett frå torsdag 5.3.20 er desse:

  • Kontantfri betaling
  • Oppmode gjestar til å bruke tilgjengeleg handdesinfisering
  • Informasjonsplakatar med råd for å hindre smitte
  • Sjølvbetjening av kaffi/te er fjerna
  • Dagleg desinfisering av overflater i senteret. Td touchskjermar, dørvridarar, betalingsterminal mm.
  • Fortløpande vurderingar av komande arrangement i førehald til anbefalingar frå FHI og Fylkeslegen.
  • Oppmoding til auka avstand mellom gjestar ved servering
  • Unngå servering ved arrangement

Vi vonar alle våre gjestar vil følge våre oppmodingar i forhold til smittevern i senteret og har forståing for at desse tiltaka er iverksett.

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen