fbpx

Program for sjøsetjing og dåp av Myklebustskipet

Etter tre års byggetid er Myklebustskipet no ferdig gjenbygt av røynde båtbyggjarar frå Bjørkedalsbåt AS. Denne laurdagen skal skipet på fjorden, og søndag vert det dåp og fyrste offisielle rotur med skipet. Vil du vere med å ro fyrste turen kan du sjå informasjon om korleis du kan sikre deg ein plass her. 

Program:

Laurdag 27.4
Sjølve sjøsetjinga vil skje ein gong mellom kl 12.00 og 17.00, men arbeidet vil pågå heile dagen.

Søndag 28.4
16.00
Avduking av hovud og hale på skipet
Dåp ved kultur- og likestillingsminister  Trine Skei Grande
Dåpen vil skje i båthamna

17.00
Fyrste offisielle rotur

Vi ynskjer publikum hjarteleg velkommen til to historiske dagar på Nordfjordeid!

Foto: Jørn Løset

Del:

Share on facebook
Share on linkedin
Share on print
Share on email
Rull til toppen