fbpx

Samklang i Sagastad

Laurdag 20. november kl. 18.00 spelar alle dei tre vaksenkorpsa i Stad kommune saman for fyrste gong!

Denne kvelden får du høyre Eid musikklag, Ytre Nordfjord Brass og Kjølsdalen musikklag. Alle dei tre korpsa er tilbake for fullt etter korona-nedstenginga og -restriksjonar. Endeleg er det mogleg å ta imot publikum og vise fram dei flotte vaksenkorpsa i kommunen!

Eid musikklag

Eid musikklag er eit janitsjarkorps for unge og vaksne amatørar. Korpset vart skipa i 1913 under namnet Kjøsnesmusikken på Nordfjordeid. I dag har korpset 25 aktive musikarar. Dirigent: Arvid Anthun.

Ytre Nordfjord Brass

Ytre Nordfjord Brass er eit korps frå fleire bygder. Der er musikantar frå Bryggja, Almenningen, Måløy, Raudeberg, Flatraket, Rovde og Sylte. YNB vart skipa i 1996, og det har sitt opphav i gamle Bryggja Musikklag som vart starta i 1894. I dag har korpset 22 aktive musikantar. Dirigent: Arild Nyheim.

Kjølsdalen musikklag

Kjølsdalen musikklag er eit brassband med hovudsete i vakre Kjølsdalen. Musikklaget vart skipa i 1926, og den vesle bygda har eit levande og aktivt korpsmiljø den dag i dag. Korpset har 21 aktive medlemmar. Dirigent: Arvid Anthun.

Variert program

Dei tre korpsa bidreg med ulike typar musikk på konserten. Det vert ulike sjangrar innan korpsmusikk, og du får høyre både janitsjarkorps og brassband. Alt på ein kveld! For alle med hjarte for korps og korpsmusikk, så er dette absolutt ein konsert ein bør få med seg.

Du får kjøpt billett på tikkio.com. Det er òg mogleg å reservere billettar ved å sende sms til 480 06 857. Kr 250,-

Del: