Sagavertane er kunden sitt første møte med Sagastad når dei kjem til senteret, og er ein viktig del av det fyrste intrykket. Vertane skal ynskje velkommen til både grupper og individuelle gjestar og har ansvaret for omvisning i senteret for grupper som har bestilt dette. Faste oppgåver inkluderer også billetsal i kassa, servering i cafeen og salg i butikken. Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov. Det vert tilrettelagt for nødvendig opplæring.
Kvalifikasjonar
- God formidlingsevne på norsk og engelsk. Fleire språk er ein stor fordel.
- Erfaring frå kundeservice
- Førarkort
Personlege eigenskapar
- Interesse for historie og formidling
- Initiativtakar
- Sjølvstendig
- Ein god lagspelar
- Kjennskap til regionen
- Positiv og engasjert
- Fleksibel
Omfang: Etter avtale
Antal stillingar: 3-4
Aldresgrense: 18 år
Stad: Nordfjordeid og omegn
Søknadsfrist: 15.03.2020
Tid: Mai-september
Søknad med CV sendast til aurora@sagastad.no og merkast “Stilling Sagavert + eige namn”.