fbpx

Sagastad søkjer Sagavertar

Ynskjer du ein sosial og spennande arbeidsplass i sommar? Då ynskjer vi oss din søknad på ei av stillingane som Sagavert på Sagastad!

Sagavertane er kunden sitt første møte med Sagastad når dei kjem til senteret, og er ein viktig del av det fyrste intrykket. Vertane skal ynskje velkommen til både grupper og individuelle gjestar og har ansvaret for omvisning i senteret for grupper som har bestilt dette. Faste oppgåver inkluderer også billetsal i kassa, servering i cafeen, salg i butikken og lett reinhald. Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov. Det vert tilrettelagt for nødvendig opplæring.

Vi oppfordrar til at gode kandidatar søkjer for ein periode av sesongen om ein ikkje kan stille i heile perioden.

Kvalifikasjonar

  • God formidlingsevne på norsk og engelsk. Fleire språk er ein stor fordel.
  • Erfaring frå kundeservice

Personlege eigenskapar

  • Interesse for historie og formidling
  • Initiativtakar
  • Sjølvstendig
  • Ein god lagspelar
  • Kjennskap til regionen
  • Positiv og engasjert
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Sosial og kjekk arbeidsplass
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksible arbeidstider
  • Opplæring
  • Lønn etter avtale

Omfang: Etter avtale
Antal stillingar: 5-6
Stad: Nordfjordeid og omegn
Søknadsfrist: 01.05.2020
Tid: Mai-september eller delar av sesongen.

Søknad med CV sendast til aurora@sagastad.no og merkast “Stilling Sagavert + eige namn”.

Del: