fbpx

Sagastad og Norsk Fjordhestsenter i internasjonal TV-produksjon

Programleiararne Gry Moldvær Hivju og Kristoffer Hivju, førsteamansuensis ved Arkeologisk seksjon Kulturhistorisk museum Marianne Hem Eriksen og dagleg leiar ved Sagastad Eli Førde Aarskog. Bilete frå første dagen med filming i Sagastad.

Serien Ultimate Viking kombinerer eventyr og opplevingar med levande historie og vil ha premiere på amerikanske Smithsonian Channel i 2021. Sagastad og Norsk Fjordhestsenter er med i dokumentaren som følgjer serien. Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju vert programleiarar for serien. Filminga er allereie i gang.  

Gjennom åtte episodar skal deltakararane få utforske korleis det var å leve som viking for 1000 år sidan. I ein eigen vikingbuplass som vert bygd på norskekysten.

Kvar episode er forankra i historisk kunnskap om vikingtida gjennom eit tett samarbeid mellom serieskaparane og museum, arkeologar og ekspertar i Norge og Storbritannia.

Det vert også laga ein times dokumentar som presenterer meir historiske fakta, sagalitteratur og arkeologi. Både Sagastad og Norsk Fjordhestsenter er med i dokumentaren, og var med på filminga som tok til på Nordfjordeid i oktober.

Artikkelen fortset under videoen.

Smithsonian tek no imot søknadar frå moglege deltakarar i programet.

The viking destination

Eli Førde Aarskog ved Sagastad og Magni Hjertenes Flyum ved Norsk Fjordhestsenter har gått svangre med dette i fleire månader. Dei er no glade og letta for at filmskaparne lettar på sløret, slik at ein kan få fortelje litt om deltaking i dokumentaren som er det historiske utgangspunktet for Ultimate Viking (arbeidstittel).

– Dette set verkeleg Nordfjordeid på kartet som vikingstaden, seier Førde Aarskog, som dei siste åra har marknadsført Nordfjordeid internasjonalt som «The Viking destination».

Ho meiner det er stor interesse for vikinghistorie og Nordfjordeid har mykje å formidle. Fjordhesten er ein sjølvsagt del av denne historia.

Magni Hjertenes Flyum ved Norsk Fjordhestsenter har trua på at dette på sikt vil auke interessa for å oppleve både Sagastad og fjordhesten.  
– Dette er snakk om eit prosjekt med internasjonal distribusjon, og vil verkeleg få historia om fjordhesten ut i verda.

Kristoffer Hivju på Høgspenten og Gry Moldvær Hivju på Sølvi på tur i lag med Norsk Fjordhestsenter under filming til dokumentaren med bakgrunnskunnskap for Ultimate Viking.

Opplevingar basert på historiske fakta

– Vi er svært glade for å vere programleiarar for denne opplevingsserien med historie og eventyr, i vårt vakre land. Det seier, Gry Molvær Hivju og Kristofer Hivju, medstiftarar i Tindefilm. Dei er stolte over å vise fram fjordane, havet og dei ville fjella som også våre forfedre fekk oppleve.

– For oss handlar denne serien om en ekte ekstrem opplevelse basert på vikingesamfunnet, filma i hjartet av der vikingane kom frå. Det kjem til å bli spennende, ambisiøst og basert på historiske fakta, seier dei.

Dette er Smithsonian Channel som har gitt grønt lys til produksjonen som er ein samproduksjon mellom Tindefilm, Wildflame Productions og Zig Zag Productions.

Du kan lese meir om satsinga til Smithsonian Channel her.

Kontaktpersonar:

Sylvia Strand, produsent, serieskapar Tindefilm, sylvia@tindefilm.no,  +44 (0)7814474898

Eli Førde Aarskog, dagleg leiar, SAGASTAD, eli@sagastad.no, 415 00 215

Magni Hjertenes Flyum, dagleg leiar, Norsk Fjordhestsenter, 934 22 756

Del: